Bok

Seint, men godt

Tida arbeider for Odd Klippenvågs forfattarskap.

Odd Klippenvåg er frå Vågan i Lofoten og har budd i Oslo sidan 1970.
Odd Klippenvåg er frå Vågan i Lofoten og har budd i Oslo sidan 1970.
Publisert Sist oppdatert

Det er noko underleg med at Odd Klippenvåg fylte 70 år i mai 2021, og at jubileet blir feira med eit utval av noveller eitt år seinare, redigert av Eirik Lodén. Samtidig kan dette symbolisere at Odd Klippenvåg ofte har vore i etterkant når det gjeld å bli heidra, før han i dei siste åra har mottatt Havmannsprisen for andre gong (1998 og 2021), Ungdommens kritikerpris 2021 og Riksmålsforbundets litteraturpris i 2014.

Skeive forhold

Denne forseinka heideren er nært kopla til den tematikken som følgjer forfattarskapen frå debuten i 1978, der Klippenvåg ofte og ved ulike vinklingar fokuserer på skeive forhold og homoseksuell intimitet.

For den pripne lesaren kan dette bli i overkant, men Klippenvåg har dempa dette fokuset meir og meir, og i dei siste novellesamlingane er det det psykologisk-realistiske som står i sentrum med fokus på aldring, einsemd, gryande demens og alt som forvitrar, også nære og tette mellommenneskelege relasjonar.

Odd Klippenvåg har 23 titlar i porteføljen, 15 romanar og åtte novellesamlingar, og fleirtalet av novellene er skrivne dei siste tjue åra. Oppsummert snakkar vi om 65 noveller fordelte på 1319 sider. Eirik Lodén har plukka ut nær halvparten, 29, som han presenterer kronologisk med hovudvekt på samlingane Body & Soul (1998), Nord og andre noveller (2006) og Sikadene (2009). Dette fyller 332 sider av i alt 593 og viser kanskje at spennet i forfattarskapet ligg akkurat der, men eg er ikkje så sikker med tanke på dei to siste novellesamlingane frå Klippenvåg, En enda større ensomhet (2016) og En lykkelig gift mann (2020).

Skjult og fordekt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement