Sauron i tujahekken
Silje Bekeng-Flemmen blandar gotisk skrekk med samfunnskritikk.
Silje Bekeng-Flemmen er kritikar, journalist og redaksjonssekretær i Bokmagasinet til Klassekampen. No debuterer ho som romanforfattar.
Foto: Julie Pike
Roman
Silje Bekeng-Flemmen:
Inn i vårt mørke hus
Gyldendal
Det attraktive, men akk så krevjande småbarns- og familielivet får gjennomgå i mange bøker i samtida. Det kan bli litt vel mange variasjonar over same tema. Silje Bekeng-Flemmen gjer sin heilt eigen vri. Med førelegg frå både bibelske og norrøne mytar legg ho eit filter av gotiske skrekkelement over den røyndomsnære handlinga.
Først kjem desse innslaga som eksotiske og passe skumle drypp av uhygge og mørker. Utetter i boka aukar det til ein malstraum som skyv karakterane langt ut på djupt vatn. Forfattaren meistrar den sjeldne kunsten å både ta samtida på kornet og feste det heile i noko eldre og større.
Det er den kjende luciasongen som framleis blir sungen i alle barnehagar den 13. desember, som har gitt tittel til boka og til dei ulike delane i henne. Men meir enn den kristne helgenkvinna er det gamle soger om lussinatta som er førelegget her – og nettopp kontrasten mellom den lyse Lucia og den mørke Lussi. Ho var ifølgje gamle mytar ei trollkjerring som fór over himmelen med trollfølgjet sitt i desember. Då skulle særleg barna passe seg. I tillegg kontrollerte ho om folk hadde skikka seg vel fram mot vintersolkverv og julefeiring.
Grenser
Tidsrommet i romanen går frå august og framover mot 13. desember og tek til med håpefulle førsteklassingar ved skulestart i eit villaområde. Barna bur i ein kvit og rik idyll, kringsett av meir fattige buområde med høgblokkar og motorvegar. Nettopp skulen er sentral, mykje av dramatikken skal dreie seg rundt skulekrinsar og grenser.
Ein idealistisk politikar med ikkje-norsk bakgrunn har flytta til dette området og ivrar for å bryte opp skulekrinsen og jamne ut sosiokulturelle forskjellar. Ei velkjend og høgst reell problemstilling frå hovudstaden vår, som stadig er ein delt by. Tiltaket møter sterke protestar. Ambisiøse og – skal det vise seg – ikkje særleg tolerante foreldre vil ikkje ha noko av at nokon kjem og forstyrrar det vesle paradiset barna deira er så heldige å vekse opp i.
Familien som står i sentrum for handlinga, har nyleg flytta til området, men er ikkje innflyttarar i same forstand som politikaren. Faren i denne familien har vakse opp her, men er ikkje særleg glad for å vere attende i barndomsheimen. Etter kvart får vi vite kvifor.
Synsvinkelen i romanen skiftar frå kapittel til kapittel og vekslar mellom lokalpolitikaren og dei fire medlemene i den nemnde familien: mor, far, syster og bror. Dette driv historia framover, samstundes som informasjon blir halden attende. Spenninga byggjer seg opp. Når dei mørke kreftene som har lurt i skuggane, tar bustad inne i menneska, blir det skikkeleg skummelt.
Original twist
Dei får verkeleg køyrt seg, personane hos Bekeng-Flemmen. Likevel må eg nok seie at det ikkje er i karakterskildringane romanen står sterkast. Alice, mora i familien, utviklar seg vel raskt frå å vere ei heilt vanleg, sympatisk mor og samfunnsborgar til å bli ein person som ikkje berre deltar i, men sjølv initierer brotsverk.
Det står heller ikkje heilt til truande at mannen hennar aldri har fortalt om den mørke fortida si. Eg vil seie at dette er ein typisk thrillerveikskap der spenninga går på kostnad av truverdet. Dei finaste portretta gjer forfattaren av dei to yngste: Veslemøy, som kan sjå og høyre korleis Lussis vette luskar blant prydbuskane i hagen, og Emil, som ber på vonde løyndomar.
Eg likar så godt dette grepet med å hente inn element frå det mytiske og overnaturlege, det skapar skarpe kontrastar og fargelegg handling og tematikk. Denne originale twisten kunne Bekeng-Flemmen godt ha gjort endå meir ut av, det ville ha gjort at ei frå før særs veldreidd soge hadde flamma med eit endå meir særmerkt lys.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.