Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Sauebondens mangesidige liv

Dahl skriv kjenslevart og gripande om gardsdrift, slekt og eige liv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjell Ola Dahl fortel om livet som sauebonde.

Foto: Agnete Brun

4268
20231103
4268
20231103

Sakprosa

Kjell Ola Dahl:

Mitt liv som sauebonde

Vigmostad & Bjørke

Sidan debuten i 1993 har Kjell Ola Dahl med sine hittil meir en 20 krim- og sakprosabøker rydda seg ein solid plass i det litterære terrenget. Årets sakprosatittel, hans sjette, kjem frå ein forfattar med lang og allsidig røynsle. Med den sjølvbiografiske tilnærminga skil Mitt liv som sauebonde seg frå dei tidlegare utgjevingane, og til liks med andre sjølvbiografar startar Dahl soga si med formødrene og forfedrane.

Ein gard og ei bok

Torgunrud gard i Eidsvoll har vore i familien Dahls eige sidan 1934. Kjell Ola sa frå seg odelsretten til gardsbruket. Han hadde andre mål i livet. Men lagnaden ville det annleis, og frå hausten 2000 har han vore både bonde og forfattar.

Det er på Torgunrud han skriv bøkene sine, og det var her han byrja skrive om gardsdrifta og om livet tett på dyr og natur. Då han også tok fatt i slektshistoria, fekk tekstane retning og plass i ein heilskap. Det har blitt ein prosess med livsklårsyn, erkjenning og avdekking av dunkle familieløyndomar.

Tett på liv og død

Ikkje før halvvegs i boka tek Dahl føre seg dagleglivet i sauefjøsen og arbeidet i innmark og utmark. Fram til dit handlar det meste om vegane som leidde fram til eit liv som sauebonde.

Årssyklusen på eit sauesmåbruk går i bølgjer. Det er brunst og paring, lamming og vårslepp, dyra skal på beite, dei skal sankast, dei skal klippast, dei skal ha omsorg og stell. Så kjem bilen frå slakteriet. Når han har køyrt, står bonden att i eit kaldt tomrom i sauefjøsen. Levande dyr med kallenamn som Stripa og Blondie blir til skrottar og kjøt. Dahl har aldri forsona seg med paradokset skape liv og ta liv.

No er siste sauen levert. Familiegarden står ved eit vegskilje. Kjell Ola Dahl har runda 65 år og skal ikkje lenger halde sau. Han ser no framover ved å sjå seg attende.

Eksistensielt prosjekt

I arbeidet med boka har han gått djupt i kjeldene: familiealbum, gardsarkiv, kyrkjebøker. Ikkje minst auser han frå sitt eige minne.

Der var ubøyeleg ugras i barndomens åker. I lange periodar leid han, og resten av familien, under det tunge alkoholmisbruket til faren. Dahl går heilt tett på det sårbare i tilværet når han skriv om den ambivalente relasjonen han hadde til faren. Spesielt sterkt er det å lese om skremmande opplevingar faren utsette han for i oppveksten, og dei psykiske skadeverknadene som oppstod, og skamma han kjende, både då og seinare. Han kler seg nakent ærleg når han fortel om den sterke angsten han har slite med.

Så blar han også i den lyse minneboka. Sarte sider der òg. Spesielt eitt bilete festar seg hos meg medan eg les: Det skjøre bandet mellom far og son på dei mange aurefisketurane langs Torgunrudelva.

Finstemt penn

Dahl har ein stø penn som flyt lett. Han har fleire typar blekk å nytte seg av, noko som gjer han språkleg finstemt same kva situasjon og miljø han skriv fram. Med eit eige blikk for detaljar skildrar han reiskapar og arbeidsmetodar på garden med teknisk presisjon, mest som om det er åstadgranskingar frå krimromanen vi har med å gjere.

Men når han nærskildrar eit nyfødt lam så ein kan kjenne pulsslaga til det sårbare vesle livet han held i hendene, er blekket i pennen hans av omhug og kjærleik. I skildringane frå barndomen, og frå gardsdrift og skogrøkt før i tida, er det blekkhusa med vemod og nostalgi han dyppar pennen i. På sitt beste skriv Dahl både stillfarande og insisterande på same tid.

Her og der fell han for freistinga å kome med kvasse politiske synspunkt på moderne landbruk. Då bryt han med stilen elles i boka, og slikt små­ugras kunne med fordel ha vore luka bort.

Utan Dahls nærleiksskapande blikk og nyanserande språk hadde Mitt liv som sauebonde ikkje blitt den boka ho er. Lesaren møter ei sterk, ærleg og kjenslevar skildring heilt inn på nerven av kvardagen og livsrytmen på eit småbruk med stramme familiehistoriske taumar. Skildringa er på sitt sterkaste og beste når ho er på sitt mest sårbare – når mennesket og sauebonden Kjell Ola Dahl syner oss dei mest private bileta frå livsalbumet sitt. Han har skrive ei bok det verkeleg står respekt av.

Per Roger Sandvik

Per Roger Sandvik er bibliotekar og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis