Bok

Sauebonden fem år etter

Problemet med James Rebanks’ kritikk av landbrukspolitikken er ein tendens til å generalisere.

Sauebonde James Rebanks er verdskjend, med ein populær Twitter-konto, bestseljarbøker og TV-team på garden.
Sauebonde James Rebanks er verdskjend, med ein populær Twitter-konto, bestseljarbøker og TV-team på garden.
Publisert

Fjellbonden James Rebanks vart ein internettsensasjon da han la ut bilete av herdwicksauene og gjetarhundane sine på Twitter og fekk ei mengd følgjarar. I 2015 skreiv han The Shepherd’s Life: A Tale of the Lake District, ein bestseljar som vart omsett til 16 språk. Boka skildra sauebondens strevsame liv, kjærleiken til dyra og kjensla av å leve i pakt med naturen og årstidene.

I fjor kom English Pastoral: An Inheritance. Arven har han etter farfar sin, som eigde ein liten fjellgard og lærte gutungen å elske jorda og drive henne på den naturvenlege gamlemåten. Da James arva garden, hadde behovet for å auke matproduksjonen ført til industrialisering av landbruket.

Verd i ulage

Det som før var eit lappeteppe av små jordstykke skilde av blomstrande hekkar som krydde av liv, vart omgjort til større areal. Maskinene gjorde mange arbeidarar overflødige, og dei som ikkje fann nytt arbeid lokalt, flytta ut.

Med hekkane forsvann insekt- og fugleliv; pesticid og kunstgjødsel førte til forureining og tap av mangfald. Da landbruket vart industrialisert, vart også nærleiken til dyra borte, for buskapen var ikkje lenger frittgåande. I staden for lokale marknader og butikkar kom supermarknaden.

Rebanks hatar denne utviklinga og dei som har skulda: økonomar, politikarar, tankelause konsumentar, bønder som omskaper seg til nådelause kapitalistar. Eit besøk i Midtvesten i USA var ei skrekkoppleving som overtydde han om at verda var i ulage.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement