Bok

Sanninga og livet

Jonathan Franzen borar i det evige misforholdet mellom ideal og røynd.

Jonathan Franzen er ein essayist og forfattar busett i USA.
Jonathan Franzen er ein essayist og forfattar busett i USA.
Publisert

Jonathan Franzen er ein vidgjeten amerikansk romanforfattar. Korsveien skal vere den første boka i ein trilogi og gir sikkert forfattaren eit endå større publikum, dette er ei lett tilgjengeleg soge. Det mest eksperimentelle grepet er hyppige synsvinkelskifte, men også det skjer innanfor heilt oversiktlege rammer.

Tematikken er meir metafysisk, om val, om moral og religion. Først og fremst handlar det likevel om familierelasjonar og oppvekst, om uunngåelege gnissingar mellom heilt unge og noko eldre menneske. Minst like viktig er den gnagande indre friksjonen som alle, unge som eldre, slit med mellom von og røynd. Medlemene i familien Hildebrandt har svært mange og svært høge forventningar, ikkje minst til seg sjølve. Vonbrota er ikkje til å unngå, dei blir mange og vonde.

Franzen kan handverket, dette er eit godt fortalt og solid tekststykke. Kanskje var det noko gale med forventningane mine, eg hadde ikkje lese Franzen før. Ut frå det eg hadde lese om han, trudde eg nok at eg skulle møte noko som var hakket meir intellektuelt utfordrande.

Midtvesten anno 1971

Vi er i ein liten by i Midtvesten i 1971, og det er dei aller siste dagane før jul. I dei siste kapitla beveger handlinga seg til påske året etter og heilt til slutt nokre få år fram i tid, til 1974. Med dei store realistiske forteljarane som eit underliggande førebilete, er forfattaren nøye med å få det ytre riktig. Detaljane er på plass, kledemote, interiør, bilmodellar – alt trer levande fram for lesaren. Det same gjeld venteleg i språk og sjargong. Eg kan tenkje meg at omsetjaren hadde nokre utfordringar. Dei har Monica Carlsen meistra godt, den norske språkdrakta er solid.

I Familien Hildebrandt har vi presten Russ, kona Marion og fire barn som er i alderen ni til nitten. Sidan synsvinkelen skiftar, får vi same hending fortald fleire gonger frå ulike ståstader. Dette meiner eg er den største styrken i romanen, her syner Franzen ei meisterklo. At det på det viset tar tid for handlinga å røre seg framåt, gjer lite. Spenninga ligg i kor annleis ein episode artar seg, røynd frå ei syster, ein bror, frå far eller mor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement