Bok

Samfunnskroppen som modulkropp

Sifonofor er ei lyrikkbok med eit produktivt rammeverk.

Lisa Him-Jensen er biletkunstnar og forfattar.
Lisa Him-Jensen er biletkunstnar og forfattar.
Publisert

I den andre diktboka til Lisa Him-Jensen, Sifonofor, vert grensene mellom natur og menneske, til liks med likskapen mellom enkelte samfunn i naturen og menneskesamfunn, undersøkte. Eit spørsmål er kor individet sluttar og kor fellesskapen startar?

Huda er ei fysisk yttergrense for kroppen, men individet strekkjer seg ut over seg sjølv, det utviklar seg i tida og i samspel med omgivnadene. Eit språkleg uttrykk for dette er dei mange referansane til kuleformer i boka, «glasskulen», «partikkelen», «himmelhvelvingen», altså slutta former som vert kontrasterte med opne og utstrekte former.

Først sirklar dikta om barnet, deretter kring ei ung kvinne som begynner å studere og ser ut til å involvere seg med ein mann. Dikta tematiserer både vokster og komande nedbryting, men strekar også under ei utvikling der kunnskaps- og forståingshorisonten aukar, der kjennskap til omverda forvandlar seg frå abstrakt kunnskap til erfaring.

Som fundament i fleire av dikta tener nyare botaniske og biologiske innsikter. Når eg les at «vi-et er eit modulært vesen», tenkjer eg på den italienske botanikaren Stefano Mancuso som er oppteken av at plantane, i motsetnad til mennesket, består av ei rekkje sjølvtilstrekkelege modulkroppar med desentraliserte intelligensar.

Den vene og litt underlege tittelen på boka, Sifonofor, er namnet på ein koloniorganisme. Ein sifonofor er sett saman av same type individ, men ulike delar av kolonien utviklar likevel eigne og spesifikke eigenskapar og funksjonar – utan ein hjerne som kommandosentral: «Adskilt fra stammer og røtter/ som om alt var uforandret/ begynner kvistene på de/ kappede/ kronene å knoppe seg».

Poeten har skaffa seg eit særs produktivt rammeverk, der dikta står for seg sjølv, men også går opp i ei større eining. Dette er dikt med ein økokritisk klangbotn, men eg trur at dei like mykje handlar om menneskesamfunnet, der analogiar til naturen er vesentleg forståingshorisont.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement