Bok
Røynsler frå flukt og ruinar
Kaldhol har skrive ei heilstøypt novellesamling med aktuell tematikk.
Den polsk-tyske kritikaren Marcel Reich-Ranicki meinte at all god skjønnlitteratur eigentleg handlar om forfattaren sjølv, og det kan jo sjå ut som ei god avgrensing av relevant tematikk, hadde det berre ikkje vore for at forfattarar har så nyanserte personlegdomar at dei kan skriva alt mogleg om seg sjølv utan å lyga. Sanninga vert til medan ein skriv! I alle høve meiner mange at ein bør skriva om eitkvart ein har personleg kjennskap til. Men ein kan vel læra litt om sin eigen nyanserte personlegdom i det ukjende også.
Marit O. Kaldhol skriv i boka «enno var dei kroppar», der titlar og forfattarnamn står utan stor førebokstav, frå røynsler som få norske nordmenn frå Noreg har gjort seg. Her er ingen stadnamn å sjå, men me er truleg éin gong i regnskogen, andre gonger i flyktningleirar, eller på veg mot USA frå endå meir utrygge land, eller kasta i fengsel utan begripeleg årsak. Alle stader skriv Kaldhol utan introduksjon, alt er sansa i same stil, stundom naivt, alltid alvorleg og med ei underleg stille i tekstane, sjølv når dei skildrar dramatiske hendingar. Sentralt står personar som vantar tilknyting til eit fungerande samfunn. Ofte er det eit barn, og som regel er det lite som minner om sivilisasjon i miljøet den sansande forteljaren har hamna i, eller er på flukt til eller frå. Boka skildrar såleis heile tida folk som er lausrivne frå lov og rett, dei er mest tidlause, einskildindivid utan tryggingsnett og ankerfeste av noko slag, kringsette av fiendar og andre trugsmål, eller plasserte i situasjonar som andre kontrollerer.
Helvete er dei andre, som det heiter hjå Sartre, men dei andre i tekstane til Kaldhol er like namnlause som dei fleste hovudpersonane, nokre av dei er utøvarar av og representantar for makt, medan synsvinkelen ligg hjå dei maktlause, som sjeldan protesterer nemnande mot makta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.