Bok

Rossavik nektar å halde kjeft

Eit forsvar for ytringsfridomen i ei uroleg medietid.

Aftenposten-kommentator Frank Rossavik har vore medlem av Kringkastingsrådet i seks år, og har sete åtte år i styret for Fritt Ord.
Aftenposten-kommentator Frank Rossavik har vore medlem av Kringkastingsrådet i seks år, og har sete åtte år i styret for Fritt Ord.
Publisert

Det er sjølvsagt fleire nivå i den norske mediehimmelen, frå til dømes Firda Tidend til den sjuande himmelen, det øvste nivået, som er i Oslo, der eliten bur og trivst.

Frank Rossavik (54 år) er tvillaust ein av dei, særleg etter 2010, om vi skal tru Wikipedia. Då vart han kåra til «årets meiningsberar» av Oslo Redaktørforening, samstundes som han vart medlem av Kringkastingsrådet. Året etter vart han medlem i styret i Fritt Ord. I 2013 vart han politisk redaktør i Bergens Tidende, som rett nok er litt eliteperifert, men frå 2016 sit han trygt på toppen som kommentator i Aftenposten.

Før alt dette har han bak seg ein hektisk karriere som informasjonsmann i SV og Europarørsla, og han har skrive fleire bøker, mellom anna om slike som Einar Førde og Kåre Valebrokk.

Og som vi veit, er det frå toppen ein har det beste utsynet. Som det står på baksida av boka hans av i år «har han spesielle forutsetninger for å uttale seg om spørsmålene han tar opp til drøfting i denne boken». Eigentleg har ein Aftenposten-kommentator spesielle føresetnader for å drøfta kva som helst. Den Schibsted gjer til kommentator, gjev han òg forstand.

Personleg

Men boka skal ikkje berre gje ei generell drøfting av ytringsfridom. Ettersom denne fridomen ifølgje Rossavik er så samanvoven med kommentatorrolla, skal drøftinga òg vera personleg og handla mykje om Rossavik sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement