Bok

Rolf Nesch: Kunst og lagnad

Eivind Otto Hjelle gjev eit godt oversyn over særleg kunsten til ein pioner innan moderne grafikk og materialbilete.

«Havnebro», 1932. Kaldnål, fargeakvatint og ulike djuptrykkteknikkar.
«Havnebro», 1932. Kaldnål, fargeakvatint og ulike djuptrykkteknikkar.
Publisert

Strengt tatt er det ikkje noko stort jubileum for Rolf Nesch i år, 125 år sidan han vart fødd. Så det er knapt difor Eivind Otto Hjelle, tidlegare redaktør for Dagsrevyen, har gjeve ut ei ny bok om kunstnaren, i tillegg til den meir reindyrka biografien han gav ut i 1998. Snarare er dette ei bok som berre måtte skrivast, ut frå det langvarige og naturlege engasjement Hjelle har hatt til Nesch, og ikkje minst til kunsten hans. Den nye boka handlar like mykje om kunsten som livet.

Hjelle vart personleg kjend med Nesch alt i 1952, i samband med at Hjelle gifta seg med dotter til skodespelaren Ragnhild Hald, som sjølv nett hadde vorte gift med Nesch. Fram til Nesch døyde i 1975, altså i 23 år, var Nesch såleis svigerfaren til Hjelle.

På denne tida hadde Nesch flytta opp til Ål i Hallingdal, på garden Rud, døypt om til Ragnhildrud, der han vart buande til han døydde. I tillegg til dette nære familiære tilhøvet har det hjelpt at Hjelle har kjent mange av venene til Nesch. I tillegg har han hatt utbyte av kontakten med kunsthistorikaren Sidsel Helliesen ved Nasjonalgalleriet.

Ville verta kunstnar

Men om boka altså i stor grad handlar om kunsten til Nesch, gjev ho òg eit godt oversyn over eit liv som eigenleg i større grad enn kunsten er ei spegling av den tragiske historia til det tjuande hundreåret, og særleg til Tyskland, slik til dømes Blikktrommen av Günther Grass er det.

Ikkje at Nesch sluttar å vekse, som Oscar i romanen, men som Oscar er han frå første stund ferdig laga, i dette tilfellet med ustoppeleg og uskuldig innsikt i at det er kunstnar han skal vera. Biografien handlar om korleis realiseringa av kunstnarskapet vert fullbyrda, ikkje gjennom nokon aktiv kamp mot, men trass i, alle dei personlege og politiske katastrofane hundreåret har å by på – og ved å konsentrera seg om kunsten snarare enn politikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement