Bok

Resonnementets stormeister

Pål Norheim skreiv lysande tekstar i ein lukkeleg konstellasjon av vidsyn, refleksjon og formuleringsevne.

Den andre boka som er utgjeven etter at Pål Norheim døydde brått i fjor, er ei essaysamling.
Den andre boka som er utgjeven etter at Pål Norheim døydde brått i fjor, er ei essaysamling.
Publisert

Daud mun du lite duga, sa dei gamle, som no er daude, men orda deira er framleis dugande. Såleis er det òg med orda til Pål Norheim (1962–2017), i essaysamlinga Gutterommet og verden.

Georg Johannesen skreiv fleire gonger om såkalla gullpennar og at påstanden om at dei skriv så godt, eigentleg tyder på at dei tenkjer så dårleg. Sjølv var han ein kløppar på innleiingar og for slu til å risikera framhald. Pål Norheim tok på si side sjansen på grundige resonnement av ein slik kvalitet at lesaren stundom raudnar i visse om det Henning Hagerup skriv i etterordet: Dette kunne eg aldri ha skrive. For Pål Norheim både skreiv og tenkte godt, med språket som reiskap for tanken, særleg i denne boka, der analysen av samfunn og politikk tidt er temaet, og då vel å merka av det samtidige og dynamiske, ikkje av det som er katalogisert på historisk museum.

Presist

Det Norheim skriv om terrorhandlingane 22. juli 2011, rettssaka etterpå og bakteppet for udåden, er ikkje dementert av åra som har gått. Mange av passasjane er faktisk endå meir presise no enn dei var då Norheim skreiv dei, av di dei no skildrar generelle fenomen som har verknad for alle, medan dei i utgangspunktet var retta mot eitkvart spesifikt som råka særskilde grupper. Til dømes er det han skreiv om samfunnsdebattanten, akademikaren og ordsjongløren med ordensband og medfødd applaus på den ytste høgresida, Niall Ferguson, gyldig for ein armé av disiplar i dag: «Når man iakttar hans fjernsynsopptredener, kan man ikke annet enn beundre hvor virtuost han behersker kunsten å skjule sine egentlige synspunkter bak hypotetiske forbehold han selv ikke et sekund tar alvorlig.»

Optimisme

Her og der kan ein ana ein snev av optimisme hjå Norheim sjølv attom nedslåande drag ved samtida, som det han skriv om ideen om «the self-made man»: «I ettertidens lys må man formode at denne forestillingen – som vektlegger individets tro på seg selv mens den helt og holdent ignorerer historie, samfunn, økonomi og klassebakgrunn – vil fremstå som nokså selsom.» Førebels ser det heller ut til at trua på seg sjølv veks til ortodoksi, ikkje minst av di påstanden har tatt plassen til det etterrettelege argumentet. Sanning er ute, effekt er inne, og lever du etter det prinsippet, kan du i somme krinsar hausta ros for å kalla ein spade for ein spade når du skildrar ein hjulvisp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement