Bok

Renningane i veven

Annie Ernaux skildrar si eiga klassereise gjennom portretta av foreldra.

Annie Ernaux har skrive portrett av foreldra sine.
Annie Ernaux har skrive portrett av foreldra sine.
Publisert

Franske Annie Ernaux har hatt suksess i Noreg den siste tida. I vinter gav Gyldendal ut dei to portretta av foreldra som ho skreiv på 1980-talet, i eitt band. Som dei andre bøkene som har kome nyleg, er tekstene i ein sjanger Ernaux sjølv kallar «upersonleg sjølvbiografi».

En kvinne handlar mykje om relasjonen mellom mor og dotter, medan Far handlar meir om faren sjølv og samfunnet rundt. Kanskje burde Far ha heitt «Ein mann» og En kvinne «Mor»? Men titlane er sjølvsagt rette: En kvinne handlar ikkje berre om mora, men om dei særlege rammene som set grenser for kvinneliv generelt, og spesielt i den tida og på den staden mora vaks opp. Far heiter dessutan La Place på fransk – altså «staden». Eit viktig tema er korleis den staden ein kjem frå, i vid forstand, ofte bestemmer heile livet. Særleg gjeld nok det for ein som blir fødd inn i fattigdom.

Det individuelle

Ernaux’ siktemål er nemleg minst like mykje å fortelje om eit samfunn, og særleg klasseskilja i eit samfunn, som å skildre to individ. Ho vil gjere vilkåra som definerer livet deira, tydelege for oss. Slik viser ho respekt for livet til foreldra og for generasjonane før dei.

I Far set ho ord på eigen poetikk, den einaste ho finn mogleg på dette sjølvsagt veldig kjenslevare stoffet: «For å fortelle om et liv underlagt nødvendighetens lov har jeg ikke rett til å innta kunstnerens holdning, heller ikke til å forsøke å lage noe ’spennende’ eller ’rørende’».

I staden samlar ho orda, rørslene og hendingane som var viktige i livet til faren, i ein heilt «flat skrivemåte». Ingen ordbilete eller poetiske smykke her, berre skildringar av den konkrete kvardagen til desse to som slit og trassar seg opp frå lågare arbeidarklasse – gjennom to verdskrigar – og fram til eit usikkert lågare middelklassetilvære som butikk- og kaféeigarar. Heile tida balanserer dei hårfint på kanten, i fare for å ramle tilbake i det dei kom frå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement