Bok

Rekonstruert familiehistorie

Monika Helfer tar fiksjonen i bruk når ho skriv sjølvbiografisk – slik alle gjer.

Monika Helfer fekk Schubarts litteraturpris for romanen som no er omsett til norsk.
Monika Helfer fekk Schubarts litteraturpris for romanen som no er omsett til norsk.
Publisert

Austerrikske Monika Helfer har skrive jamt og trutt sidan 1970-talet, men først i ein alder av 73 blir ho presentert på norsk med den episodiske romanen Pakk, som kom på tysk i fjor og toppa salslistene både i Tyskland og i Austerrike.

Ho må ha treft ein nerve hos lesarane, noko som kan ha med det litterære grepet å gjere, der ho blandar fiksjon og sjølvbiografi og lar det heile stå fram som ei familiehistorie som startar under første verdskrigen og strekkjer seg gjennom heile 1900-talet og litt inn på 2000-talet, komprimert til 154 sider.

Bygdeslarv

Ho tar utgangspunkt i besteforeldra Josef og Maria (!) Moosbrugger og dei sju barna dei fekk. Den eine dottera, Margarethe eller Grete, nummer fem i rekka, er mor til forfattaren, født under krigen mens faren låg ved fronten i fjellområda i Nord-Italia.

Dette er nok til at bygdeslarven går, for Maria er usedvanleg vakker og omsverma, og når mannen er borte, dukkar det først opp ein kar frå Hannover, Georg, deretter ordføraren som har avtalt med Josef å passe på Maria, noko han tar vel bokstaveleg. Dermed blir farskapet trekt i tvil, og ein ufordrageleg prest grip høvet til å snakke moral frå preikestolen, temmeleg høgrøysta, sidan familien høyrer til pakket i bygda.

Namnet pakk kjem frå familien til Josef, som i generasjonar har vore «lastebærere» eller lausarbeidarar «som dro fra gård til gård og spurte om arbeid og om sommeren bar mer enn mannshøye høyballer inn på låven til bonden, det var den laveste av alle poster, lavere enn drengen».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement