Bok

Reisedagbok frå hurtigruta

Ola Bremnes har skrive ei lettlesen bok, men sjangerblanding kan gjere det vanskeleg å skilje mellom ei god og ei sann historie.

Publisert Sist oppdatert

Alt gjennom kuaugeopninga i smussomslaget møter vi hovudaktørane: forfattaren og hurtigruteskipet. Reisedagboka følgjer skipet frå Bergen til Kirkenes og sørover igjen til Harstad. Som Sivert Grubbe, den profesjonelle dagbokskrivaren til Kristian Kvart, er Bremnes «svak for anekdoter og subjektive ytringer». Boka er lettlesen med korte kapittel og varierte tekstar, anekdotar, mytar, dialogar, eigne og andres dikt, leksikalske avsnitt, attforteljingar og ikkje minst eigne opplevingar. Kanskje blei boka skriven «minutt for minutt» etter kvart som tankar og assosiasjonar strøymde på? Ein veit aldri kva som dukkar opp på neste side, det blir hoppa att og fram i tid og mellom ulike tema og stemningar.

Vi møter mange ulike menneske, og setninga «Ingen er bare det du ser», går igjen i teksten. Nokre av møta er meir verde å hugse enn andre. Møta med kjenningar ved kafébord langs leia er ikkje blant dei. I det heile blir dei mange personlege minna ofte for private til å bli interessante.

Sjangerblanding

Nokre av forteljingane er så velkjende at dei med fordel kunne ha vore luka ut. Men her er fleire andre artige, fine og gripande historier som nok er ukjende for mange. I tillegg blir vi kjende om bord, både i lugaren, i kafeteriaen, på brua og i maskinen. Forteljingane til verftsarbeidarane som bygde MS «Vesterålen», løftar fram ein bransje som ein sjeldan får høyre noko om, og gir ein ny dimensjon ved sjøreisa. Kvifor MS «Vesterålen» er blitt kalla eit «bastardskip» får vi derimot ikkje vite. Gjennom attforteljing av episodar frå boka Lang kyst! En fortelling om fartøyer og folk langs norskekysten under krigen av Trygve Nordanger får Bremnes fram ei anna viktig side ved hurtigrutehistoria som i dag er for lite kjend, nemleg dei 14 tragiske krigsforlisa.

Ei god historie kan vere meir leseverdig enn ei sann, men sjangerblandinga i boka gjer det av og til vanskeleg å skilje mellom kva som er kva. Blei verkeleg dei gamle ullsegla impregnerte med hestepiss, var det ikkje hestefeitt? Og dagen då lundefuglen kjem, heitar då «lundkommardagen», ikkje «heimkommardagen», som er for utflyttarar. Historia om at Richard With «fann opp» hurigruta, er ein myte som ikkje blir sannare av å bli gjenfortald. Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) med With og mannskapet hans skal ha all ære for at dei torde å satse på og klarte å gjennomføre den første hurtigruteturen, men initiativet kom faktisk frå staten. Når det i Bremnes si «Vise om With» heiter at «det e først i Kirkenes han snur», kan det vere greitt å vite at i 1908, då Kirkenes for første gong kom på seglingslista, var kaptein With ikkje lenger verken kaptein eller direktør i VDS.

Uhøgtidleg språk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement