Bok

Reisande ved Palmes slutt

Tron Jensen lagar god litteratur av fenomenologiske aspekt ved sosiale traume.

Tron Jensen er aktuell med roman nummer sju.
Tron Jensen er aktuell med roman nummer sju.
Publisert

Termometeret er objektivt når det måler temperaturen, men mennesket tolkar alltid når det trur det observerer. Ikkje minst når det sansar korleis ein person er, korleis det han eller ho gjer, tyder på ditt og datt i personlegdomen, og så bortetter. Mennesket er med andre ord ikkje påliteleg som vitne, korkje ved små eller store hendingar.

Slike fenomen vert poengterte på finurleg vis i den nye romanen til Tron Jensen. Der er eg-personen ein norsk forfattar, ein kritikarignorert slik, på helsereise til Kreta i 2011, der han kjem i snakk med ein svenske som heiter Lundin. Det tek ikkje lang tid før Lundin seier at han veit kven det var som drap Olof Palme, og at han såg drapet.

Lundin fører deretter ordet i mykje av boka, han har inngåande kjennskap til Palme-saka og kjem med mange fascinerande opplysningar om hendinga så vel som etterforskinga, om Hans Holmér og andre, men etter kvart kjem det til ei vending i framstillinga, der den velinformerte Lundin sår tvil om eigne observasjonar. Ved fleire tilfelle vart han, slik han sjølv ser og seier det, manipulert til å leggja moment til forklaringa si, før han til sist tilstod at han hadde dikta opp alt saman, men den tilståinga kom han med for å sleppa å verta mistenkt sjølv. Han såg eitkvart, men etter ei tid veit han ikkje om han kan tru sitt eige minne.

Jensen får fram denne tvilen på subtilt vis, mellom anna ved å vera tolmodig i framstillinga og å gjera Lundin til ein intelligent og kunnskapsrik person som ikkje har låst seg fast i bastante konklusjonar.

Drapsmannen han peikar ut, er den såkalla Skandiamannen, Stig Engström, som også politiet til sist gav skulda i 2020, til stort vonbrot for alle oss som venta på eitkvart sensasjonelt, med ein gjerningsperson på nivå med hendinga. Ein drapsmann som Engström punkterer den veldige saka, som i seg sjølv har karisma og umåteleg tiltrekkingskraft, så stor at det til no er heile 134 personar som har tilstått drapet.

Mange store saker får aldri ei endeleg forklaring, og slett ikkje ei slik som folk vil ha. Dei skapar sosiale traume som ikkje er til å kurera. Sakene pirrar og dreg, ein lever seg inn i dei og tykkjer gjerne at ein har eit bidrag til løysing. Det er godt mogleg at Lundin berre er ein slik, at han, som elles lever eit stille liv utan nær kontakt med nokon, og som var busett nær drapsstaden i 1986, har kjent denne hendinga som ein sjanse til å syna seg viktig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement