Bok
Raud rose og svart tragedie
Boka om Rosa Luxemburg er svært komprimert, men dei to forfattarane gir eit godt bilete av eit tragisk liv.
Foto: Ap / NTB scanpix
Til hundreårsdagen for det brutale drapet på Rosa Luxemburg no i januar har Ellen Engelstad og Mímir Kristjánsson gitt ut ein kort biografi om den jødiske marxisten frå det som i dag er Polen. Dei samanfattar ettermælet slik det har prega mykje av moderne marxistisk debatt, spesielt etter at sovjetsystemet fann døden der Leo Trotskij såg framtida for kapitalismen: på historias skraphaug.
Som kvinne og som jøde ville den skarpe teoretikaren ha hatt rikeleg med handikap om ho ikkje også i tillegg hadde vore halt. Det heldt henne ikkje tilbake, og så tidleg som i 1918 skreiv ho kritisk om politikken dei nye makthavarane i Russland slo inn på: I likskap med Bertrand Russell såg ho klårt dei farlege diktatoriske tendensane hos bolsjevikane, spesielt hos Lenin. Det førte med seg at skriftene og synspunkta hennar ikkje kunne nemnast, langt mindre verta diskuterte, i Stalins, Khrusjtsjovs eller Brezjnevs sovjetstat.
Dogme
Den setninga som lever etter henne, køyrer ei lanse rett i kjernen av den leninistiske partidisiplinen: «Fridom er alltid fridom for dei som tenkjer annleis.» Still ikkje spørsmål, og slett ikkje ved dei marxistiske dogma, er Lenins variant. Det var parole også i den norske Mot Dag-rørsla. I ei gravtale for Johan Vogt – legendarisk for oss som var i gravferda i 1991 – sa Trygve Bull at han som ung motdagist fekk høyra at Johan Vogt var ein mann som ikkje var til å lita på.
– Eg var sjokkert, sa Bull.
Johan Vogt, ein av våre fremste, og så skulle han ikkje vera påliteleg? Seinare forstod eg at Hans Heiberg, som gav meg åtvaringa, på sitt vis hadde rett. For Johan Vogt stilte spørsmål ved dogma.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.