Råskapens ansikt
Nattsvermer er ein fascinerande roman som mellom anna kastar lys over sovjetiske slaveleirar.
Katja Kettu braut gjennom internasjonalt med romanen Jordmora.
Foto: Ofer Amir
ROMAN
Katja Kettu:
Nattsvermer
Pax
I mars 2015 forsvann plutseleg Vladimir Putin frå mediefokuset i fleire dagar. Ingen visste kor han var, og det oppstod luftige spekulasjonar om palassrevolusjon, alvorleg sjukdom, elskovsferie med sportsgymnasten Alina Kabajeva – you name it. Da han dukka opp igjen, var det framleis fritt fram for spekulasjonar, noko Katja Kettu, den nye stjerna i finsk samtidslitteratur, veit å dra nytte av i romanen Nattsvermer.
Men sjølv om Putin lurer i kulissane eller svevar over tekstlandskapet som bakgrunn for ein storpolitisk thriller, er Nattsvermer framfor alt ein eksotisk og ambisiøs roman om makt og avmakt, kjærleik og svik i tida mellom 1937 og 2015.
Dramatisk flukt
Opptakten er ei dramatisk flukt frå finske Petsamo over grensa til Sovjetunionen. 15-årige Irga Malinen ventar barn med ein russisk agitator. Ho trur han vil ta vare på henne, men i staden blir ho arrestert og dømd til 25 år straffarbeid. Dermed startar ei sjokkerande historie om mishandling, utnytting, fornedring og ein sterk vilje til å overleve i ein av dei verste Gulag-leirane i Sovjet, Vorkuta i republikken Kemi. På mirakuløst vis overlever Irga, takka vere sjelevennen Elena Mikhajlovna, som har ei eiga evne til å manøvrere i bandittregimet som dominerer leiren. Offisielt døydde Irga i Vorkuta i 1954.
Elena kjem frå den finsk-ugriske minoriteten mari i regionen Mari El ved Volga, og handlinga frå 2015 er lagd til landsbyen Lavra i denne regionen. Dit kjem den finske folkeminnegranskaren Henrik Malinen på jakt etter opplysningar om si eiga mor. Det kostar han livet. Dottera Verna vil vite kva som har skjedd, men ingen vil snakke eller forklare av frykt for eitt eller anna som skjuler seg i fortidas mørke og har noko med Vorkuta og dei to barna som Irga fødde der, å gjere. Meir treng ein ikkje røpe av sjølve handlinga.
Rått, sanseleg språk
Katja Kettu låner trekk frå både spenningsromanen, den historiske romanen, slektsromanen, den politiske romanen og den magiske romanen, og blandar dei saman i eit rått, sanseleg og direkte språk som også rommar sterke naturskildringar med innslag av mystikk og gammal folketru. Ho har eit stort lerret å fylle, og innimellom må lesaren anstrenge seg for å henge med i svingane. Tempoet er høgt, handlinga litt innfløkt, persongalleriet stort og dei lause trådane held fram med å vere lause og uavklarte i delar av handlinga.
Men det ein sit att med, er ei fascinerande historie som gir ei særleg sanning til tørre fakta om eit regime som er avvikla og kanskje framleis finst i haldning og tankesett. Dermed blir denne innsikta universell: «Overlevelse er den beste hevnen i denne verden.»
Katja Kettu (f. 1978) er frå Rovaniemi i Nord-Finland. Ho har ein allsidig bakgrunn frå film og litteratur. Saman med Jordmora (på norsk i 2013) er Nattsvermer vesentlege romanar i nordisk samtidslitteratur. Begge er omsette av Turid Farbregd.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det ein sit att med, er ei fascinerande historie.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.