JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Rapport frå helvetet

Sara Omars forteljing er eit skrik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Romanen til kurdaren Sara Omar som flykta til Danmark i 2001, kom ut på dansk i 2017.

Foto: Henriette Mørk

4486
20180622
4486
20180622

Roman

Sara Omar:

Dødevaskeren

Omsett frå dansk av Hilde Rød-Larsen
Aschehoug

Vi er mange som med skrekkblanda fryd følgjer serien The Handmaid’s Tale – fryd fordi serien er god, skrekk på grunn av temaet. Dystopien om det kvinnefiendtlege framtidssamfunnet Gilead har fått ekstra merksemd og suksess på grunn av #metoo-kampanjen. Serien viser eit samfunn der kristenfundamentalistiske krefter og tendensar i USA har overteke makta konstitusjonelt og mentalt. Det Kurdistan som blir skildra i Sara Omars roman, er styrt av muslimsk mellomaldermentalitet og ei brutal røynd – eit samfunn så gjennomsyra av ein patriarkalsk æreskultur at ei småjente kan bli drepen på det mest groteske vis, attpåtil av far sin, for å vere så uheldig at ho får menstruasjon medan ho syklar.

Ein drope i eit blodhav

Frmesk – namnet tyder «tåre» – blir fødd i Irak ei stormfull natt i 1986. Dette var tida då Saddam Hussein styrte landet mot storkrig og i tillegg gjekk til åtak på eige folk, særleg kurdarane. Frmesk veks opp hos besteforeldra. Bestefaren er den einaste av dei mannlege romanfigurane som står fram som sympatisk i boka, eit einaste lys i eit nesten ugjennomtrengjeleg mentalt mørke. Talande nok er han den einaste ikkje-muslimen. Bestemora er òg eit godt menneske. At ho vaskar lik før dei blir gravlagde, gjer henne både respektert og forfølgd i eit samfunn prega av overtru og sjølvjustis. I denne perioden har ho det spesielt travelt, og ho klarar ikkje skjerme vesle Frmesk for mangt eit grufullt syn. Det skal vise seg at ho heller ikkje greier å verne veslejenta for «slangen» som held til under eige tak.

I det andre tidsplanet i romanen følgjer vi Frmesk tretti år seinare, frå ei sjukeseng i Danmark. Vi får berre glimt av kva som har hendt med henne i mellomtida. Vi kan likevel setje saman brotstykka til ei soge tilsvarande dei vi etter kvart kjenner frå media: Jenter som er utsette for grov vald frå dei næraste, og som må leve med politivern fordi dei er forfølgde av mannlege slektningar som heilt konkret vil dei til livs.

Romanen skildrar alle tenkjelege typar av kvinne- og jenteundertrykking. Mange av scenene er så grufulle at ein mest ikkje orkar lese dei. For denne lesaren vart det difor ikkje først og fremst dei bestialske valdsskildringane, men dei litt meir stillfarne skildringane av urett som sit sterkast att: korleis far til Frmesk omsynslaust og udanna tar seg til rette overfor svigermora som har laga ein festmiddag til han som «smørjing», i håp om at han skal la henne få halde fram med å verje dotter hans mot han sjølv. Som mann har han all makt og ho inga. Eller scenene som viser korleis kvinnene sjølve tragisk nok held desse grovt undertrykkande strukturane oppe, og kvarandre nede.

Sjølv om våre heimlege #metoo-historier bleiknar mot dei langt meir brutale overgrepa i Kurdistan og Gilead, er det her desse tre sfærane kryssar kvarandre. Dei peiker på korleis patriarkat og kvinnehat kneblar og bind fast kvinner i så stor grad at sinnet deira blir forgifta. Slik blir det kvinnene som endar opp med skamkjensla over ugjerningar som det er menn og mannemakt som utfører.

Problem under debatt

Språk og stil hos dansk-kurdaren er moglegvis prega av at ho er innvandrar – og debutant. Trass i at forfattaren stundom låner poetiske verkemiddel frå det opphavlege kulturområdet sitt, evnar ho berre inniblant å løfte prosaen. Komposisjonen kunne òg ha vore meir stringent, karakterane mindre flate. Den manglande litterære kvaliteten har i liten grad blitt omtalt i merksemda boka har fått, antakeleg fordi handlinga er så vesentleg. Og sjølvsagt fortener temaet all merksemd det kan få. Dødevaskeren er ei viktig bok.

Det blir likevel ein tankekross om Omars forteljing like så mykje som å setje desse høgaktuelle og ekstremt vesentlege problema under debatt, kan nøre opp under eit ulmande bål av muslimhets. For dei som har sjablongprega haldningar til islam og muslimar, styrkjer ei bok som denne alle fordommar.

I alle høve må ein bøye seg i respekt for motet Sara Omar viser ved å ha skrive romanen. Ho har alt fått betale dyrt for å heve røysta. Ho lever no sjølv under politivern. Jentene dette handlar om, treng at fleire er like modige som henne.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og skribent og fast bokmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den manglande litterære kvaliteten har i liten grad blitt omtalt i den merksemda boka har fått, antakeleg fordi handlinga er så vesentleg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis