JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Rådville under regnet

Skreda losnar på indre og ytre plan i den spennande nye romanen av Brit Bildøen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brit Bildøen debuterte med ei diktsamling i 1991 og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay.

Foto: Tove Breistein

3526
20230908
3526
20230908

Roman

Brit Bildøen:

Gult farevarsel

Samlaget

Det er vel slik i mange slekter at ein eller ei kjenner seg esla til å samla familien ved særlege høve, og gjera det på ein slik måte at mange av dei inviterte gjerne skulle ha sagt nei, men kjenner seg som gissel av slektskapen. Slik er det også når Dorte i Gult farevarsel av Brit Bildøen finn på at gullbryllaupet til foreldra skal feirast på Innsetra Gjestegard langt til fjells, i oktober. Men ingen seier noko, for kva kan ein vel seie, og alle som har høve til det, kjem. Og dei kjem i eit regn av bibelske proporsjonar, slik at boka er rykande, eller drypande, aktuell i dette Herrens og hersens året 2023.

Innestengd

Kort etter at gjestane er på plass, går det eit skred som stengjer vegen ut att, og to jegerar som køyrde seg fast i raset, lyt også søka ly på gjestegarden, der festlyden trudde dei skulle vera åleine, med unnatak av den driftige verten Ole, som lyt gjera alt arbeidet med matlaging og anna. Kona hans, Elisabeth, skulle også ha dukka opp, men på grunn av raset vert ikkje det mogleg.

Dei to jegerane er nokre knalltøffingar som seier at dei var på revejakt, men som i røynda var ute etter å leggja forgifta åte ut i marka for å drepa ulv. Tvillingbroren til Dorte, Karl, er i startgropa med eit nytt firma som skal ta folk med på turopplevingar, helst i villmarka for å oppleva dyrelivet, så han er ikkje nett på lag med jegerane.

Skildringane av tilhøvet i familien er svært gode, ein kjenner seg att i skilnaden mellom det folk seier, og det dei tenkjer. Her deler dei i utgangspunktet ikkje store, dramatiske familiesoger, men eit og anna sandkorn i slektsmaskineriet vert tydeleg. Dei to som skal feirast, jordmora hev vore Anna og rektor emeritus Jon, er ikkje sprudlande entusiastiske til lokaliseringa av festen, og særleg Jon er skeptisk til det nye initiativet til sonen Karl.

Utan at mykje vert sagt om saka, forstår ein at faren ser på han som ein upåliteleg drøymar, ein det aldri vert noko skikkeleg av. Men familien er for sivilisert til konfrontasjon, og alt hadde gått roleg føre seg, om det ikkje var for jegerane.

Dei er meir prega av slikt dei er imot enn det dei eventuelt måtte vera for, slik det oftast er med folk som trur dei er vaksne. Kor som er, får dei temperaturen i boka til å stiga, og lesaren vert engasjert. Veldig engasjert! Dei to representerer eitkvart trugande, og trugsmålet aktualiserer seg snart i skakande hendingar, til det farlege dei kom med, også rasar over dei, med veldig vekt.

Thrillerelement

Thrillerelementet som litt etter litt veks fram, gjer boka spennande, men sjølv om her er mange kjenneteikn frå kriminallitteraturen, med få menneske pressa saman på ein liten plass dei ikkje kan komma bort frå, der einkvan har gjort ei ugjerning, får Bildøen til å leggja hovudvekta på mellommenneskelege tilhøve der personane sit, rådville under regnet, i staden for å løysa alt opp i ein slik whodunit som romanen ei stund er nær ved å konvertera til.

Når boka er slutt, veit me kven som gjorde kva, men det er uklårt kva konsekvensane vert. Det er ikkje ein del av agendaen til denne teksten, og det tykkjer eg er ei klok avgjerd av Bildøen. Gult farevarsel er kort og godt ei aktuell bok, ein tidskapsel av ei skildring der skreda losnar på mange plan, også i lesaren, særleg andsynes det tankegodset dei to jegerane representerer.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Per Anders Todal

Eit minnesmerket over slaget om Gallipoli i (1915–1916), synleg for alle som kryssar Dardanellane mellom europeiske Kilitbahir og asiatiske Canakkele.

Foto: Jorge Láscar / Wikipedia Commons

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Grushaughoroskopet

TROJA: I ruinane av den halvmytologiske trojanarkrigen kan ein, om ein tolererer litt pompøsitet og fiasko, freiste lese si eiga krigerske tid i lys av ei gammal.

Mohammed Naseem fotografert av Anders Hammer i 2009. Naseem ville då gå til sak og krevje erstatning frå Noreg. Han blei drepen under uklåre omstende året etter.

Foto: Anders Hammer

ForsvarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Lygekorset med sverd og eikelauv?

Eirik Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd for leiinga av spesial­operasjonar i Afghanistan. I den viktigaste skulle ein sentral Taliban-leiar ha blitt arrestert. Så begynte historia å smuldre opp.

Italias blåblåe statsminister Giorgia Meloni takkar folket sitt for tilliten etter at resultatet i EU-parlamentsvalet blei kjent 10. juni 2024.

Foto: Alberto Lingria / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Dei lyseblå var dei verkelege vinnarane

Det er lite truleg at partia på ytre høgre fløy kan veksle framgangen i EU-parlamentsvalet inn i makt og politisk innverknad.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis