JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Purkvika blues

Torvald Sund skriv underhaldande om møtet mellom tradisjon og modernitet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Torvald Sund har skrive kring 50 bøker.

Torvald Sund har skrive kring 50 bøker.

Foto: Samlaget

Torvald Sund har skrive kring 50 bøker.

Torvald Sund har skrive kring 50 bøker.

Foto: Samlaget

2794
20211015
2794
20211015

Roman

Torvald Sund:

Eva

Communicato forlag

Torvald Sund er nærast å rekne som ein institusjon i Trøndelag, med eit omfattande forfattarskap innanfor barne- og ungdomsbøker, teaterstykke og spel, romanar og noveller, og ei einsleg diktsamling frå debutåret i 1979. Alt i alt kan han vise til rundt 50 titlar. Barne- og ungdomsbøker veg tyngst på lista, Eva er den fjerde romanen.

Forteljeglede og folkeleg, barsk humor er typisk for Sund, og sjølv om han snikrar med relativt grove materialar, reiser han likevel byggverk som lesaren trivst i, og denne trivselen har med språkføringa og personteikninga å gjere saman med den solidariteten han viser til dei som fell utanfor i skole eller arbeidsliv.

Denne gongen er det Haldor Purkvika frå Innherred, ungkar og heimføding i 40-åra, ikkje den skarpaste kniven i skuffen, ikkje den som slår tilbake, men heller ein som trekker seg unna og søker trøyst i naturen eller i kuleringen. Han vil at alt skal vere slik det var i barndommen på 1960- og 1970-talet, mens foreldra levde, den gongen Ivar Simastuen var toppen av underhaldning og Bjørn Bang Andersen tok medalje i kulestøyt i alle noregsmeisterskap mellom 1960 og 1982. No er det blitt 2004. Alt har stått stille i Purkvika, inga framdrift, inga oppdrift, inga drift å snakke om i det heile tatt. Likevel er Purkvika sjølve paradiset for Haldor.

Så dukkar oppkomlingen og eigedomsspekulanten Sten Ruben Larsstu opp, og på kort tid lurer han Haldor til å selje tolv hyttetomter for seks millionar, der det meste er under bordet og betalt i kontantar, noko Haldor slit med, for kor skal han gøyme så mykje pengar utan at nokon kan finne ut av det?

Pengar luktar ikkje, heiter det, men lukta av pengar i Purkvika blir så sterk at ein dag dukkar Eva Adamsberg (!) opp og gjer seg lekker. Haldor har aldri vore nær ei jente, og no blir han lurt enda ein gong, for Eva og Gudleik, fienden frå barneskolen, stel alle millionane for deretter å kjøpe Purkvika på tvangsauksjon med store planar om turisme, rorbuer, bar og karaoke.

Handlinga drar seg etter kvart mot ei spektakulær krimhistorie der Haldor får den hemnen han søker, utan å bli tatt, for både Eva og Gudleik døyr i ei ulukke Haldor fint kunne ha hindra dersom han hadde ønskt det.

Det er både drama og melodrama hos Torvald Sund, og ikkje alt er like truverdig; det går litt fort i svingane her og der, men dei historiene han fortel, er underhaldande og poengterte, framført i eit dialektfarga nynorsk og med karikaturen som ein viktig del av personteikninga.

Ei triveleg stund med Torvald Sund.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er både drama og melodrama hos Torvald Sund, og ikkje alt er like truverdig.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis