Bok
Punktum finale?
Datteren er av dei beste bøkene i sekstetten om Neshov-slekta på Byneset.
Den første boka Anne B. Ragde skreiv om Neshov-slekta, kom ut i 2004.
Foto: Lasse Berre
Romanserien har og har hatt ein sentral plass i norsk litteratur frå langt tilbake. Det er nok å nemne Amalie Skram og Hellemyrsfolket, Olav Duun og Juvikfolke, Sigrid Undset, Kristofer Uppdal og Knut Hamsun. Frå vår eiga samtid: Jon Michelet, Edvard Hoem, Karl Ove Knausgård, Carl Frode Tiller og Thure Erik Lund med Myrbråten-kvartetten. Her høyrer også Anne B. Ragde heime med den nyleg avslutta Neshov-sekstetten der Datteren skal vere punktum finale.
Det er ikkje det store hamskiftet i norsk landbruk med mekanisering, omstilling og nye driftsformer som opptar Ragde, snarare tvert imot, for i Neshov-bøkene er det forfallet, avviklinga og nedlegginga som står i sentrum, samtidig som ho tematiserer slektsband, respekt og pliktkjensle mot dei generasjonane som bygde garden og budde der, sett gjennom Torunn, dottera til grisebonden Tor, den siste drivaren. Under eitt dekker serien det første tiåret av 2000-talet og sluttar rundt 2010, når farfaren (eller onkelen) Tormod er 82 og har plass på sjukeheimen med utsyn til den nye flaggstonga på Neshov, ei flaggstong han sjølv har betalt for å få på plass.
Slit
Hos Torunn er derimot ikkje alt på plass. Ho slit med mora, som går av skaftet når dottera vil ta slektsnamnet Neshov, ho slit med ei djup sorg over Margido, den innbarka ungkaren med gravferdsbyrået som ho no driv vidare, ho har dessutan eit uavklart forhold til Kai Roger, som hjelpte henne med stellet av grisene før ho avvikla drifta.
Oppi alt dette driv ho med høgst naudsynt renovering av garden, ho har flust med pengar etter sal av fleire husvære, og pussar opp det eine rommet etter det andre. Rett som det er, må ho innom sjukeheimen og helse på gamle Tormod, han som heile livet har ofra seg for den livsløgna Neshov-slekta levde med: at han ikkje var far til dei tre sønene Tor, Margido og Erlend. I tillegg lever han framleis på den romansen han som tenåring hadde med den tyske soldaten Dieter, familiens store skam.
Detaljorientert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.