Psykologien i det å vente
Alejandro Zambra held lesaren fast i ei historie utan den slutten ein ventar.
Alejandro Zambra er ein prislønt forfattar.
Foto: Solum Bokvennen
Roman
Alejandro Zambra:
Trærnes privatliv
Omsett av Øyunn Rishøi
Hedemann
Solum Bokvennen
Alejandro Zambra, fødd i Santiago de Chile i 1975, debuterte som lyrikar i 1998, men slo gjennom internasjonalt i 2006 med kortromanen Bonsái, tett følgd av La vida privada de los árboles (Trærnes privatliv) i 2007. Han blei presentert på norsk i 2012 med Måter å komme hjem på (Cappelen). Så blei det stille fram til 2017, da Solum Bokvennen og omsetjar Øyunn Rishøi Hedemann fanga opp forfattarskapet med Mine dokumenter, Bonsai, Delprøve i språklige ferdigheter og årets bok, Trærnes privatliv. Seinare i haust kjem essaysamlinga Valgfritt tema.
Det prestisjetunge tidsskriftet Granta har peikt på Alejandro Zambra som ein av dei mest talentfulle spanskspråklege forfattarane i sin generasjon, og det har heller ikkje mangla på litterære prisar og nominasjonar.
Metafiksjon
Zambra skriv lett og elegant, uventa, originalt og poetisk og ofte innanfor ei ramme av metafiksjon der ein forfattar skriv om det å skrive den teksten du som lesar sit med i handa. Samtidig er han mangetydig og assosiativ, og han nøstar opp lause trådar og knyter dei saman i heilt kvardagsnære historier som likevel blir noko meir og utvida mot eksistensielle grunnvilkår for kjærleiken, kunsten og politikken. I Valgfritt tema seier han: «Alle bøker kan leses som et ønske om tilhørighet, eller som en benektelse av det ønsket.» Han har vakse opp under Pinochets diktatur og veit kva han snakkar om.
Årets bok kan godt lesast i skjeringspunktet mellom det å høyre til eller ikkje. Vi møter forteljaren Julián, gift med Verónica, som har dottera Daniela på åtte år. Heile teksten er basert på ventinga på at Verónica skal komme heim frå teiknekurset ho følgjer, og gjennom denne natta og den tidlege morgonen tenkjer Julián gjennom kvifor Verónica ikkje kjem heim, han tar opp forholdet til eksen Karla, sin eigen bakgrunn i chilensk middelklasse frå ein heim «uten lykke og uten fattigdom», og stillinga som universitetslærar og forfattar av ei bok om å stelle eit bonsaitre samtidig som han skriv om å skrive den teksten lesaren har for handa, der godnatthistoriene om Trærnes privatliv er ein del av dette komplekse mønsteret som også strekkjer seg langt inn i framtida, «slik at fremtiden kommer helskinnet fra nåtiden».
Tvitydig
Heile vegen er premissen: «Når hun kommer hjem, slutter romanen. Men så lenge hun ikke kommer hjem, fortsetter boken. Boken fortsetter helt til hun kommer hjem, eller til Julián er sikker på at hun ikke kommer hjem.» Tanken går fort i retning av Samuel Beckett og Mens vi venter på Godot der landstrykarane Vladimir og Estragon ventar og ventar på ein som aldri dukkar opp.
Det er noko spesielt med Zambras språk og stil som løftar tekstene inn i ein dimensjon av noko ugjenkalleleg og definitivt samtidig som dei er opne for heilt andre tydingar. Zambra leverer med andre ord herleg tvitydige tekstar, i grenselandet mellom det enkle og det mystiske og der forteljaren forkler seg i ulike roller.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Zambra skriv
lett og elegant, uventa, originalt og poetisk.
Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.