Problemet med draumar
Patti Smiths skildring om oppløysingstider er gripande.
Patti Smith.
Foto: Jesse Dittmar
Patti Smith:
Apens år
Omsett av Brit Bildøen
Det Norske Samlaget
Få eigenskapar me meiner å sjå i ymse fenomen har ein absoluttverdi i seg sjølve, dei er tidt knytte til oss. I den nye boka si skildrar Patti Smith ting og hendingar slik ho opplever dei, i samanhengar som få andre ville ha fått auge på. Såleis vert ho ein reiseleiar i teksten, og det høver bra, for ho reiser mykje, og summen av reisene er ein nedtur for Patti Smith, men undervegs er det mange oppturar for lesaren.
Boka, eit personleg skriftstykke om liv og død, byrjar den første dagen i 2016, nokre veker før det kinesiske nyttåret tek til. To av dei næraste vennene til Patti Smith er alvorleg sjuke, og ho gjer seg mange interessante tankar om dette. Ho glir inn og ut av det røynlege, for mykje av tekstmassen er henta frå Drøymeland, eit land ho ikkje nemner, men tidt reiser til, når ho ikkje siktar seg inn på andre nesten like eksotiske destinasjonar, som minne, samtid eller ambisjon, til dømes Uluru, Ayers Rock, eller ei altertavle i Gent. Om alt dette skriv ho presist, kjenslevart og effektivt, så det er ei lise å lesa.
Dei gamle unge
Blandinga av draum og røynd plasserer teksten i forlenginga av psykedelisk rock for femti år sidan, og forfattaren i den sjeldsynte kategorien dei gamle unge, eit lite utval av sekstiåttarar med adresselaus, eklektisk religiøsitet, like eklektisk kulturforståing og ei haldning til sjel og ånd som var det tale om konkrete storleikar. Såleis kommuniserer Patti Smith tydelegvis immaterielt med ein kar som heiter Ernest, og ho har opplevingar av det ekstraordinære ho sansar som om det kjem frå objekta sjølve. Men ein skal vel ikkje klandra ein person med initial som PS for å ha lyst til å leggja til eitkvart no og då.
Sidan eg sjølv sjeldan, ein eufemisme for aldri, analyserer daglege observasjonar fenomenologisk, kan eg ikkje krevja at Patti Smith drøfter kva ein ting, til dømes ei altertavle frå Gent, er i seg sjølv, fri for all kontekst, og som innvending mot boka er ein slik merknad verdilaus, då forfattaren just har som ambisjon å skildra tankane og kjenslene sine gjennom apens år, der bakteppet er ei vond røynd, med sjukdom og død i det private og ein kaotisk amerikansk valkamp i det offentlege, ei hending som gjer boktittelen dobbelt treffande. Dessutan er vel det å verta alterert og eksaltert ved altertavla rekna for gentilt i Gent.
Draum og mareritt
Patti Smith vil gjerne henta seg nokre steinar frå Ayers Rock, altså Uluru, truleg på grunn av at folket der, aboriginfolket pitjantjatjara, ser på det som ein heilagdom, og ikkje av di dei dikta opp heilagdomen etter at steinformasjonen hadde eksistert i fem hundre millionar år. Til det vil eg gjera merksam på at det er ei forbanning knytt til stein som vert teken frå Uluru, og det trur eg på. Misser du en slik stein på foten, vert du nok bra forbanna.
Likevel, det er ei framifrå bok Patti Smith her har skrive, flott omsett til norsk av Brit Bildøen, og det er ikkje til å undrast over at den åndeleg velutvikla forfattaren til og med nemner ordet korona, på side 91. 91 er 19 baklengs, som me alle veit.
I slutten av boka seier Patti Smith at problemet med draumar er at me vaknar til slutt, og det kan eg vera samd i, men det gjeld ikkje alle draumar. I år, metallrottas år, er det sanneleg val i USA att, opplysingstida er fortid, oppløysingstida er notid, og du skal radt sjå at marerittet held fram.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Summen av reisene er ein nedtur for Patti Smith, men undervegs er det mange oppturar for lesaren.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.