Bok

Presise og realistiske forteljingar frå livsskolen

Majken van Bruggen skriv tett på barn med tøff oppvekst.

Majken van Bruggen har skrive ti forteljingar lagde til Halden.
Majken van Bruggen har skrive ti forteljingar lagde til Halden.
Publisert Sist oppdatert

Majken van Bruggen (f. 1973) debuterte i 2008 med Månefjellet, ei oppvekstskildring frå Halden, som ho er ifrå. To nye romanar kom ut i 2010 og 2013, og no gir ho ut eit knippe forteljingar, ti i talet, lagde til Halden, igjen sentrerte kring oppvekst, med barn og tenåringar som forteljarstemmer, varierte kring skole, fattigdom, mobbing, misbruk og overgrep, heile vegen sett frå barneperspektivet.

Det er forteljingar med ei stripe av håp eller eit stort mørke, tett på foreldre som drikk for å gløyme eller sløkke ei sorg, situasjonar der barnet må passe på mor eller far, ta eit ansvar foreldra har flykta frå og isolert seg i eit slags utanforskap som også barna blir ein del av. Majken van Bruggen viser den vonde sirkelen som ressurssvake og fattige alltid er prisgitt: velgjerdsarbeid eller overgrep, gjerne begge delar i kombinasjon.

Råskap

I «Oppholdstillatelsen» er det ein bistandsadvokat som misbruker ein mindreårig asylsøkar. I «Guds barn» er det ein klåfingra prest som har frie hender på ein sommarleir. I «Stebroren» blir alt ganske ekkelt og umogleg å forsvare seg mot for eit barn.

Samtidig viser forfattaren også at barnet eller tenåringen har noko destruktivt i seg, ein vilje til råskap, slik ho viser i «Hundene», der ein gjeng gutungar forgrip seg på ein evneveik jentunge. Å tøye grensene er også tema for tittelforteljinga «A for Agnes» der mobbeoffer finn kvarandre og driv kvarandre inn i enda verre mobbing, misbruk og overgrep.

Realisme

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement