Bok

Praktisk og prektig om hageselskapet

Ikkje gløym småfuglane, heiter det. Karl H. Brox viser korleis vi kan bry oss om dei.

Gulsporv.
Gulsporv.Gulsporv.
Publisert

Sakprosa

Det skal vere bra for den psykiske helsa å ha selskap av fuglar, det tyder iallfall ein studie publisert i tidsskriftet BioScience på. Kan hende er det å ha glede av fuglane ekstra kjærkome i mørketida, og kanskje endå meir i koronatida enn elles. På fuglebrettet kan ein jo ha så mange gjestar ein vil.

Men eigennytten vi har av å skape fugleliv og røre rundt oss, er ikkje den einaste grunnen til å fôre. Det får Karl H. Brox fint fram. Fôringa veg opp for at fuglane har mista nokre matfat dei hadde lett tilgang til før: høy- og matrestar, slakteavfall og ufordøydd korn i hestemøkk.

«Fordi vårt ’sterile’ samfunn har frarøvet fuglene mye av næringen som tidligere fantes rundt hus og bebyggelse, er bevisst og aktiv fuglefôring i dag en viktig erstatning for mange arter. Ved å sørge for at fuglene har mat i den kalde årstiden, bidrar vi til å opprettholde bestandene», samanfattar forfattaren.

Tøffe tider

Slik set han det vesle livet på fuglebrettet inn i ein stor samanheng. Brox teiknar eit levande bilde av dei barske vilkåra til vinterfuglane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement