Bok
Portrett av ei mor
Ismail Karade opnar dørene til barndomsheimen i Gjirokastër.
Mange av bøkene til Ismail Kadare er omsette til norsk.
Foto: Cappelen Damm
Dersom ein legg ferien til Albania og til den vesle byen Gjirokastër sør i landet, tre mil frå grensa til Hellas, kan ein besøke Ismail Kadare-huset i gamlebyen, som står på Unescos verdsarvliste frå 2005. Steinhuset er 300 år gammalt og restaurert etter ein brann i 1997. Her voks Albanias største forfattar opp, og huset er sentralt i Dukken, som kom ut på albansk i 2015. Her skildrar han sin eigen oppvekst, forholdet til mora og forholdet til eit Albania han forlét i 1990 til fordel for asyl i Frankrike med bustad i Paris.
Konfliktar
Til dette fornemme huset i Dårestredet kom mora som 17-årig brud i 1933, også ho frå eit fornemt hus i Gjirokastër, og konfliktane og den gjensidige mistrua mellom Kadare-klanen og Dobi-klanen er skildra med lun og underfundig humor, der gamle ritual og tradisjonar, skikk og bruk og alle slags omvegar før ein kjem til saka, blir ein del av ein kultur som kanskje er i oppløysing. Ismail Kadare bidrar i alle fall til å få slutt på desse tradisjonane når han gifter seg med Helena, også ho ein kjend forfattar i Albania.
Men først og fremst er det mora som står i sentrum:«dokka», som har gitt tittel til romanen. Kadare prøver å forstå kven ho var, denne skjøre og litt bortkomne kvinna som må passe til eit stort og falleferdig hus og ei svigermor som overvaker kvar ei rørsle ho gjer. Han tar utgangspunkt i eit dikt av den russiske lyrikaren Andrej Voznesenskij, som i diktet «Matmatma» på finurleg og lydleg vis koplar mor og mørke saman – mørkret ein kjem frå og mørkret ein skal til. Forholdet mellom mor og son er prega av gjensidig sjenanse og verdigheit, respekt og takksemd.
Sjølvbiografisk riss
Samtidig gir Kadare sjølvbiografiske riss frå sin eigen oppvekst, skolegangen i Gjirokastër og studium i Tirana og i Moskva, og han ser med skrått blikk tilbake på dei første litterære forsøka før han debuterte med ei diktsamling og seinare leverte meisterlege romanar som manøvrerer i eit landskap av overvaking, forråding, politisk einsretting og streng statleg sensur i eit Albania som meir og meir står fram som ein politisk anakronisme under Enver Hoxas paranoide leiarskap. Det høyrer også med at Enver Hoxa sjølv var frå Gjirokastër og kanskje var ein garantist for Kadare, men slikt veit ein sjølvsagt ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.