Bok
Polske tilstandar
Olga Tokarczuk skriv med glimt i auget om eit reaksjonært bygdemiljø.
Den polske forfattaren Olga Tokarczuk får Nobelprisen i litteratur for 2018 i Stockholm i desember.
Foto: Lukasz Giza
Polen fekk sin første Nobelpris i litteratur i 1905 ved Henryk Sienkiewicz. Den femte fekk dei i år ved Olga Tokarczuk, tildelt for 2018 etter ein oppvask i Svenska Akademien som sette fjorårsprisen på vent. Dei andre polske prisvinnarane er Isaac Bashevis Singer (1978), Czeslaw Milosz (1980) og Wislawa Szymborska (1996). Tokarczuk får prisen «for en fortellerkunst som med encyklopedisk iver utformer grenseoverskridelse som livsform». Det er ei presis og komprimert oppsummering av det Før plogen din over de dødes knokler handlar om. Romanen kom på polsk i 2009. Da var Tokarczuk 47 år. No er ho 57 og relativt ung i Nobelpris-samanheng.
Sterk kritikk
Handlinga utspeler seg på den polske landsbygda, i høglandet i sørvest, på grensa til Tsjekkia. Her er det ikkje mange fastbuande, men desto fleire feriehus som forteljaren Janina Duszejko har oppsyn med utanom sesongen. I tillegg er ho engelsklærar i småskolen, pluss at ho driv med omsetjing av den engelske poeten og romantiske mystikaren William Blake (1757–1827). Ho er også ein ivrig astrolog, og ut frå horoskop driv ho si eiga etterforsking av ein serie med drap i nabolaget.
Vi har altså med ein kriminalroman å gjere, men også noko meir og større. Forfattarskapet sett under eitt er ein sterk kritikk av polsk sjølvforståing gjennom religion, tradisjonar og reaksjonær mannssjåvinisme. Tokarczuk har da også fått drapstruslar, ho har hatt livvakt, og høgrenasjonalistane i regjeringa har sørgd for at ho er eller har vore svartelista som kulturarbeidar med rett til statsstøtte for lansering utanlands. Det er straffa for å pirke borti okkupasjonstida og polsk antisemittisme.
Forteljaren er heilt upåliteleg i den forstand at ho sjølv er aktør med sin eigen agenda i eit feministisk opprør mot mannsdominansen, representert av ei gruppe jegerar som på toppen av alt har tatt livet av hundane hennar. Bygdesladderen er også ein ingrediens, og rykte om russisk mafia, smugling, utpressing og interne oppgjer florerer, mens forteljaren følgjer sitt eige spor som baserer seg på at det er dyra som hemnar seg på jegerane: Rådyra drep, revane drep, barkebillene drep, og alt dette finn ho ut ved å studere horoskopa til dei drepne og ved å oppsøke åstadene der ho registrerer og observerer detaljar politiet overser. Og ho skriv lange brev til politiet og klagar på framdrifta. Det heile er morosamt, underhaldande og annleis, og Janinas omdømme står heile vegen på spel.
Annleis forteljing
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.