JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Politirøynsler frå gateplanet

Boka Politihjertet summerer opp røynsler frå forfattarens lange liv i politiet. Boka er på sitt beste når ho skildrar møta med minoritetsmiljøa og hanskast med tvangsgifte, vald og patriarkalske haldningar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kim Ane Hiorth (f. 1959) jobba 31 år i Oslo politidistrikt, mellom anna i ordensavdelinga og avdeling for organisert kriminalitet.

Foto: Bonnier Forlag

5075
20240126
5075
20240126

Sakprosa

Kim Anne Hiorth:

Politihjertet. Historier fra et liv i uniform

Bonnier Norsk Forlag

Nokre av skildringane i boka er velkjende frå fiksjonsseriar som den svenske serien Den tynne blå linjen, vist på NRK. Mangfaldet i politiet sitt arbeid har òg vore belyst i seriar frå røyndommen, som Blålys på TV 2 Viaplay. Også i denne boka får vi eit knippe røynsler som viser farefulle situasjonar og møte med triste skjebnar blant utsette born og prostituerte. Opplevingar som å finne ei død kvinne med sprøytespissen i armen på eit toalett, gjer inntrykk. Under kåpa hennar dukkar det opp ei tre år gamal levande jente, dottera til den døde kvinna.

Forfattar Kim Anne Hiorths framstilling skil seg ut ved at ho går djupare inn når ho fortel historiene til dei ho møter i jobben. Alt i forordet legg ho fram ei slags erklæring: «For meg er det helt grunnleggende å vise at man har et hjerte under politiuniformen.»

Ein kan ikkje anna enn å respektere viljen hennar til å følgje opp enkeltmenneske ho møter i jobben. Samstundes kan ein undre seg over kva følgjer det kunne få om alle politifolk gjorde det same. Det er neppe mogleg. Hiorth fekk i fjor utmerkinga International Police Association World Class Policing Award for arbeidet sitt.

Sårbare born

I ordenspolitiet kjem ho i kontakt med alle slags saker. Og det er møtet med dei svake aller nedst i samfunnet som gjer størst inntrykk. Hiorth følgjer dei opp i ettertid. Dette er oftast born som har vakse opp under håplause omstende med rusa vaksne.

Historia om Torfinn er eit døme. Han voks opp med ei mor som rusa seg, og han hadde to tvillingbrør. Far var ein valdeleg gjengkriminell. Torfinn hadde ADHD og Tourettes syndrom og blei send på spesialskule, der han vart utnytta seksuelt.

Begge brørne døydde av overdose. Mora kom ikkje i gravferda til brørne. Faren sat fengsla. Forutan Torfinn var det berre forfattaren som var til stades. Hiorth held kontakten med Torfinn, som slit med å komme vidare i livet. Han snakka sjeldan om barndommen. Når han gjorde det, undra han seg over kvifor ingen melde frå.

Andre har hatt tilsvarande oppveksthistorier, og nokre greidde seg betre. Dei kallar ho «asfaltliljene».

«Denne boka vil eg tilrå alle å lese.»

Særskilde innsyn

Boka er kronologisk bygd opp frå Hiorth byrjar i politiet, til ho sluttar i tenesta. Det er litt synd, men kanskje naudsynt for å forklare kva som forma ho i jobben. Fyrst i andre halvdel av boka fortel ho om det viktige arbeidet med kvinner i minoritetsmiljø, og det er her dei verkeleg skakande historiene kjem fram. Forfattaren har fått innsyn i tilhøve som dei færraste av oss kjenner til: vald, tvangsekteskap, Nav-svindel, valdtekt i ein moské og kvinner som i røynda lever i eit fangenskap. Ei kvinne har budd i Noreg i 38 år utan å kunne norsk.

Møte med patriarkalske menn kan nokre gongar by på humor, som då eit par menn kommenterer kroppen hennar på arabisk. Sidan ho har lært seg arabisk, forstår ho kva dei seier, og set dei grundig på plass.

Men det meste er vanskeleg å le av. Historia om Hiba, som blir forsøkt tvangsgifta med ein psykisk og fysisk handikappa mann frå heimlandet, er ikkje til å tru. Målet er at det norske samfunnet skal ta seg av han. Giftarmålet er sett i scene av ei kvinne frå ein høgare kaste, og faren til Hiba tør ikkje seie nei i frykt for følgjene for slekta i heimlandet og i Noreg.

Hiorth går inn i saka med full tyngd. Saka løyser seg, og hemnen er søt. Hiba slepp tvangsgifting og får sidan toppkarakterar på vidaregåande skule, går på eit prestisjeuniversitet i utlandet og får ein jobb ho har drøymt om.

Foto: Bonnier forlag

Det usagte

Sjølv om boka er skriven av ein person med stor innsikt i politiarbeid, er det noko eg saknar. Ho skildrar kriminalitet og elende, men set det sjeldan inn i ein større samanheng. Til dømes skriv ho om innvandrargutar som står i fare for å bli henta inn i kriminelle gjengar, men unngår å trekkje dei store linene og faren for «svenske tilstandar» her heime.

Samstundes er det lite problematisering av korleis politiet vert styrt. Ved eitt høve reiser ho eit slikt spørsmål. Det er knytt til at ho fekk lov til å jobbe med minoritetskvinner i førebyggjande avdeling. Kravet frå leiinga var at ho måtte «levere».

I etterkant undra ho seg. Korleis kunne ho «levere» i arbeidet med menneske? I politiet måler ein resultat i mengda narkotika, tjuvegods, våpen og pengar. Slike tal likar politiet å vise fram, i tråd med krava frå New Public Management. Det hadde vore interessant å sjå korleis talstyringa i den offentlege forvaltninga påverkar det daglege arbeidet til politiet.

Denne boka vil eg tilrå alle å lese. Ho er tett på minoritetsmiljøa. Her kjem du inn i ei verd som er framand for dei fleste, ei verd som eksisterer som eit segregert parallellsamfunn i det norske samfunnet.

Einar Haakaas

Einar Haakaas er journalist
og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis