JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Politikk tel, men institusjonar avgjer

Jette F. Christensen etterlyser ein debatt om forholdet vårt til EU.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3323
20240516
3323
20240516

Sakprosa

Jette F. Christensen:

Demokratiet det er oss. 10 sårbarheter i verdens beste folkestyre

Cappelen Damm

«Før var internasjonal politikk en arena for å flytte verden fremover. Nå handlar det om å hindre at vi sklir bakover.» Det skriv Jette F. Christensen (s. 122) i ei tankevekkjande bok om korleis det står til med demokratiet rundt om i verda. Ikkje berre langt borte, men òg i land som Polen og Ungarn. Ja, jamvel her heime er demokratiet truga, skal me tru den tidlegare politikaren frå Arbeidarpartiet. Ho sat på Stortinget frå 2013 til 2021.

Eit av døma er korleis kommunestyret i Kristiansand gjekk heilt av skaftet etter valet i 2019. Saka som splitta, var ei stor kunstgåve frå bysbarnet Nicolai Tangen, den seinare oljefondsjefen, og korleis ho skulle husast på kommunens rekning. Debatten vart fullstendig polarisert og følgd av partisplittingar og lausrivne kandidatar. På fjesboka kunne me lesa at no var det: «Full seier for folket. Pampeveldet styrtet. Nederlag for fiffen» (s. 113).

«Christensen talar den norske Makt- og demokratiutgreiinga frå 2003 midt imot.»

Om det lokale demokratiet av den grunn vart truga i Noreg, er eg meir tvilsam til. Museet med Tangen-samlinga opna no i mai, i den gamle kornsiloen attmed det nye konserthuset, og byen har fått nytt styre. Denne gongen med ein ordførar frå Høgre, medan det var Arbeidarpartiet som sat ved roret før siste val. Heilt gale har det ikkje gått hjå dei sindige sørlendingane.

Det eg finn mest interessant, og det sjølv om eg er frå Kristiansand, er det Christensen skriv om at rettsstaten «fremmer demokrati gjennom å ansvarliggjøre makthavere og vokte menneskerettigheter som beskytter minoriteter mot misbruk av flertallsmakt» (s. 40).

Her talar ho den norske Makt- og demokratiutgreiinga frå 2003 midt imot. Medan den konkluderte med at internasjonale lovregime, og då særleg EØS-avtala, har innskrenka handlingsrommet for nasjonalstatleg politikk, og at dette er eit demokratisk problem, meiner Christensen at det langt på veg er motsett. Den viktigaste føresetnaden for eit godt demokrati er gode institusjonar, og dei kan best utviklast i dialog med andre.

Sjølv har ho engasjert seg internasjonalt i slikt arbeid og mellom anna sete som representant i Europarådet. Men ho vil òg ha ein debatt om forholdet vårt til EU og kritiserer statsminister Jonas Gahr Støre for «å erklære at den norske befolkningen ikke er i stand til å føre en EU-debatt, fordi den vil være polariserende». Det «er ikke akkurat en tillitserklæring», slik ho ser det (s. 133).

Christensen er lærd og ikkje redd for å syne det. Beint fram og til tider frigjerande elitistisk. Ho er ein fryd å lesa. Men du skal kunna ein del om politikk og offentleg forvalting, rettsstat og demokrati, for å fylgja dei grunnleggjande diskusjonane hennar fullt ut.

Men om me skal hindra verda i å skli bakover frå demokrati til autokrati, vonar eg at ho har rett når ho refererer til ein tale av den amerikanske visepresidenten Kamala Harris der ho nyleg lova at: «Amerika vil fortsette å lede an i forsvaret av menneskelig verdighet» (s. 51).

Jan Erik Grindheim

Jan Erik Grindheim er professor ved Universitetet i Søraust-Noreg og statsvitar i tankesmia Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis