JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Poetisk dystopi

Verdsrommet freistar ikkje til busetjing. Det blir for langt heimanfrå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sigbjørn Skåden fekk Havmannprisen for romanen «Våke over dem som sover» frå 2014.

Foto: Tanya Busse

3380
20190607
3380
20190607

Roman

Sigbjørn Skåden:

Fugl

Cappelen Damm

Sigbjørn Skåden (f. 1976) debuterte i 2004 med eit episk langdikt, skrive på samisk og omsett av han sjølv til norsk i 2007 med tittelen Skomakernes konge. Boka representerte det samiske språkområdet til Nordisk råds litteraturpris og tar for seg mytane om den evige jøden, plassert i eit samisk miljø i Ofoten-regionen. Orienteringa mot det mytiske går igjen vidare i forfattarskapen. I årets roman speler han ut busetjingsmytar på ein framand planet, og handlinga er lagd til 2048 og 2147. Det er eit dristig prosjekt som fort kan kollidere med fornufta til lesaren, men innanfor dei rammene som er gitt, får teksten stor fascinasjonskraft.

Kolonistar

Ei lita gruppe kolonistar frå jorda har etablert seg på planeten Heim og bygt opp eit kunstig livsrom under ein svær kuppel, den vesle byen Montifringilla. Her dyrkar dei mat med enkle hjelpemiddel, samtidig som all kommunikasjon er høgteknologisk og skjer ved hjelp av skjermar og tastatur, for talespråket er berre ein kløe i halsen. Tanken på noko robotaktig er nærliggjande, men samtidig er desse menneska utstyrte med kjensleliv og evne til å skilje mellom godt og vondt.

Det vonde dukkar opp med ei ny gruppe kolonistar frå jorda. Dei etablerer seg tett inntil i byen Canorus, og når Skåden har kalla romanen Fugl utan at det finst fuglar på planeten Heim, bruker han dei latinske namna på sporv og gauk som bynamn, Montifringilla og Canorus. Dermed går tanken til gaukungen som veks opp i reiret til ein annan art og fortrengjer dei. Det er fiffig gjort og gjennomført, for alt tyder på at dei nye kolonistane målbevisst tar seg til rette, og det ligg nær å peike på konfliktane mellom urfolk og storsamfunn slik ein kjenner det frå til dømes Nord-Noreg.

«Framtida er en umerkelig erosjon som sliper oss ned til svake omriss av dem vi en gang var», tenkjer ein av personane, og det er det som skjer heile vegen, for når ressursane som er frakta frå jorda, tar slutt, forsvinn heile livsgrunnlaget for begge busetjingane.

Da er vi langt inne i dystopien.

Svikefull kjærleik

Så er det også ei vakker, men svikefull kjærleikshistorie fletta inn i teksten der Periles frå Montifringilla og Sigismunda frå Canorus fell for kvarandre, og igjen stussar ein litt over namnevalet, men eit enkelt søk fører til Cervantes’ eventyrroman frå 1617, Persiles og Sigismundas prøvelser, en nordlig historie. Slike litterære referansar dukkar ofte opp, og for min del kjenner eg att Harry Martinsons romepos Aniara (1956) og kanskje også Marlen Haushofers Veggen (1963), men nærast går tanken mot Daniel Defoes Robinson Crusoe med motsett forteikn, for hos Skåden gjeld det ikkje å byggje ein sivilisasjon frå grunnen, men å demontere og utslette. Ja, kanskje lurer også Samuel Becket ein stad i bakgrunnen.

Det ligg eit magisk og poetisk slør over det heile, der lyden av lys gir ein grunntone saman med finslipte naturskildringar med fotspor i sanden som blir viska ut med det same, utsletta og førte tilbake til det som var før mennesket kom og forstyrra den tidlause tomleiken i eit landskap ingen kan leve i anna enn i ei slags kuvøse, ein kuppel som stengjer alt inne eller ute.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det ligg eit magisk og poetisk slør over det heile.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis