Pikant og brutalt
Mario Vargas Llosa spiddar Fujimori-regimet på 1990-talet.
Mario Vargas Llosa er aktuell med ein ny roman omsett til norsk.
Foto: Ulla Montan / Gyldendal
Roman
Mario Vargas Llosa:
Der fem veier møtes
Gyldendal
Mario Vargas Llosa stilte som presidentkandidat i Peru i 1990. Han tapte mot japansk-peruanske Alberto Fujimori, som styrte landet med hard hand og skitne metodar fram til 2000, da han trekte seg som president og av forståelege grunnar busette seg i Japan. I Peru er han i ettertid dømd til lange fengselsstraffer for grovt maktmisbruk.
Dette dannar bakteppet for Vargas Llosas nye roman på norsk, og han teiknar eit skremmande bilde av Fujimoris regjeringstid på 1990-talet, der dagsorden var å knuse all opposisjon gjennom sensur, svertekampanjar, skremsle og trugsmål, arrestasjonar og likvideringar – nær inkarnasjonen av eit latinamerikansk diktatur slik ein kjenner det frå langt tilbake i Chile, Argentina og Mellom-Amerika.
Brutal røyndom
Handlinga er lagd til Lima, og Llosa flettar elegant saman menneske som normalt ikkje har noko felles i eit skjebnedrama med forgreiningar frå rennesteinen til rikmannsstrøket, frå skandalepressa til etterretningstenesta – det heile krydra med pikant sex og brutal røyndom.
Romanen skyt fart når redaktøren for sladremagasinet Destapes oppsøker ein mektig gruveeigar og ber om pengar for ikkje å trykke svært avslørande bilde frå ein sexorgie. Når han blir vist på dør, kjem bilda på trykk, og kort etter blir redaktøren likvidert. Spenninga ligg i kven som står bak drapet. Er det gruveeigaren? Er det ein forvirra kunstnar som har fått karrieren lagd i grus av redaktør Ronaldo Garro? Eller går det eit spor til topps i etterretninga der den mektige Vladimiro Montesinos på 1990-talet mellom anna brukte skandalepressa for å knuse politisk opposisjon?
Makt og motstand
Vargas Llosa har budd over halve livet i Europa, og i dag har han spansk statsborgarskap. Likevel er det Peru han stadig vender tilbake til i det han skriv, og han har sidan 1970-talet og den latinamerikanske boomen vore ei av dei viktigaste stemmene i verdslitteraturen. I 2010 fekk han Nobelprisen «for sin kartlegging av maktens strukturer og knivskarpe bilder av individets motstand, opprør og nederlag».
I ein alder av 81 år skriv han framleis strålande og innsiktsfullt om makt og motstand, og det er freistande å lese Der fem veier møtes som eit sviande oppgjer med Alberto Fujimori og etterretningssjefen hans, der Vargas Llosa gir dei eit drepande ettermæle samtidig som han raljerer over den sosiale eliten i 1990-åras Peru.
Der fem veier møtes er Vargas Llosas 16. roman på norsk, denne gongen omsett av Christian Rugstad.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I ein alder av 81 år skriv han framleis strålande og innsiktsfullt om makt og motstand.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.