JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Persisk klassikar

Moralske forteljingar og kvervlande lyrikk er gjendikta til norsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Side frå manuskriptet «Masnavi» av Jalal al-Din Rumi.

Foto: The Met

4883
20200828
4883
20200828

Dikt

Rumifesten

Gjendikta frå persisk av Johannes Gjerdåker og Erling Kittelsen/ Syamak Oweisi
Dreyers forlag, Oslo 2020

Rumi (1207–73) er eit av dei store namna frå klassisk persisk litteratur, til liks med Ferdousi, Hafez og Omar Khayyam. Dei to sistnemnde har vore dei mest lesne i Vesten: Goethes diktsamling Vest-austleg divan er særleg inspirert av Hafez, mens Omar Khayyam har vorte ein klassikar på engelsk takk vere Fitzgeralds attdiktingar.

Denne poesien er ofte tvitydig, også for heimepublikumet: Hafez kan lesast som kjærleiksdiktar, men også som islamsk mystikar. For eit vestleg publikum er det enda vanskelegare: Viktige kulturelle referansar kan gå oss hus forbi, eller orda kan tyde noko heilt anna enn vi er vane med. For å sitere Finn Thiesen, som tidlegare har attdikta persisk poesi saman med Kittelsen: «regn er behagelig og solskinn plagsomt (…) Uglen symboliserer ikke klokskap, men ødeleggelse og ruin (…) Musikk er en synd og fattigdom en dyd». Når Rumi seier til dømes rus, dans og kjærleik, kan vi difor ikkje gå ut frå at han tenker på det desse orda tyder for oss.

Bestseljar

Rumi var ein skriftlærd og religiøs leiar. Den store samlinga hans av forteljande dikt, Masnaví, er kjend som «Den persiske Koranen», og dei lyriske dikta hans vart til i samband med den rituelle dansen som framleis vert praktisert av Mevlevi-ordenen, dei «kvervlande dervisjane». Det er difor ikkje overraskande at Rumi er mindre kjend i vesten enn dei meir «sekulære» diktarane Hafez og Omar Khayyam.

I dei seinaste tiåra er Rumi likevel blitt ein bestseljar på engelsk, særleg i Coleman Barks’ utgåve, som byggjer på tidlegare engelske omsetjingar. Barks har fått mykje kritikk for å avislamisere tekstene; til dømes vert «Om nokon spør deg om jomfruene i paradiset» omsett til «If anyone asks you how the perfect satisfaction of all our sexual wanting will look». Det spørs likevel om ikkje avislamiseringa er ein føresetnad for suksessen: Rumi er blitt ein leverandør av visdomsord som set lesaren i ei lett opphøgd stemning, framført i eit språk som er fridd frå vekta av all religiøs eller kulturell tradisjon. Døme kan ein enkelt finne på Google.

Moralske forteljingar

Rumi heitte eigentleg Jalal al-Din og var født i det som i dag er Afghanistan, men familien flytte vestover og busette seg til slutt i Konya i Anatolia, dagens Tyrkia. Landet var blitt erobra av tyrkarane hundre år før, frå det ein i dag kallar Det bysantinske riket, men som alle i samtida kalla Romarriket, og ein stor del av folkesetnaden var framleis kristne grekarar og armenarar. Landet vart kalla Rum, og diktaren vart difor kjend som Rumi, som beint fram tyder romaren.

Dikta hans er av tre slag: Masnaví er forteljande dikt i rima kuplettar (tolinarar). Desse har Gjerdåker attdikta, nokre i rimlause vers, nokre i prosa og eitt, «Songen til rørfløyta», i trokeisk sekstaktar med rim. Dette diktet er høgdepunktet i boka; eit utdrag er trykt på baksida av avisa. Dei andre Masnaví-dikta er moralske forteljingar, dels med dyr i rollene og ofte med overraskande poeng som syner stor dikterisk fantasi. Språket i attdiktinga er klårt, kraftfullt og utan lyte, som det alltid er hos Gjerdåker.

Dikt ein kan kvervle til

Dei to andre diktslaga er ghazal og ruba’i, og desse er attdikta av Kittelsen/Oweisi. Ruba’i er ein firelinar med rim. Ghazal er eit lyrisk dikt i kuplettar; kuplettane skal ende på same rimet heile vegen, og etter rimet følgjer ofte eit kort omkved eller sisteord. Det er ei særs vanskeleg form å attdikte, og Kittelsen/Oweisi har sløyfa rimet, men halde på sisteordet.

Utan rim kan ein få ei meir ordrett attgjeving. Nokre stikkprøver mot Arberrys prosaomsetjing tyder på at attdiktarane held seg rimeleg nær originalen, og skilnadene kan skuldast ulike tekstvariantar. Nokre gonger skurrar ordvalet: «min medisin/ for en sliten person». Det kjønnslause, byråkratiske omskrivingsordet «person» kan ikkje reddast av konsonantrimet i utlyd. På god norsk heiter det «for den som er sliten», «for den som sliter», «for den slitne». Andre gonger er syntaksen så laus at lesaren vert opprådd: «Støv på kjærlighetsvei, se ikke ned på meg.» Hjå Arberry vert lina forståeleg: «If I have become dust in the path of love, regard me not as insignificant». Den knappe og gjentakande forma får likevel fram noko vi ikkje merker hjå Arberry: Dette er dikt ein kan kvervle til.

Begge døme er frå ghazal 779. Dikta er i boka utstyrte med standard nummerering, men dei står i tilfeldig rekkefølgje og utan register. Dette gjer det særs tungvint å samanlikne med andre omsetjingar. I ei bok som dette burde det også vere klart oppgitt kva for ei tekstutgåve som er brukt (utgjevar og stad), og kvar illustrasjonane kjem frå.

Gjert Frimann Vestrheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Diktaren vart kjend som Rumi, som beint fram tyder romaren.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Oppbretta brok i bratta

«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»

Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.

Foto: Nina Djæff

BokMeldingar
Ronny Spaans

Eit sandkorn i maskineriet

Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Maskinist Ivar Tjøstheim med den flunkande nye bygdekinobilen og Sandvesanden på Skudenes i bakgrunnen.

Foto Brit Aksnes

Feature

Bygde-Cinema Paradiso

STRANDEBARM: Det rører meg djupt at Bygdekinoen framleis eksisterer.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis