Bok

Parallelle liv

Kor langt kan ein gå i å verne barna sine, spør Gøhril Gabrielsen.

Gøhril Gabrielsen har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Gøhril Gabrielsen har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Publisert

Gøhril Gabrielsen viste alt i debuten i 2006 at ho hadde ting på stell, og dei fem andre romanane hennar styrker dette inntrykket, noko som også kjem til uttrykk i fleire litterære prisar og omsetjingar til engelsk, tysk og spansk. Derfor er det med forventning ein gir seg i kast med den siste romanen, Mellom nord og natt.

I den førre romanen, Ankomst (2017), blanda Gabrielsen fortid og notid i parallelle tidsplan på ein måte som skapte uhygge og ei krypande spenning, og det er dette grepet ho fører vidare i Mellom nord og natt med den skilnaden at her blir fiksjonen underordna det faktiske.

Parallelt univers

Det faktiske er Edith Södergrans liv og dikting med særleg vekt på skoletida i St. Petersburg, forholdet til den ambisiøse mora Helena Södergran og til fostersøstera Singa, ei fattig, foreldrelaus jente frå Raivola i Karelen, der familien Södergran bur om sommaren. Ho finn seg ikkje til rette som selskapsbarn i familien.

Opp mot dette får vi ei notidig historie med ein kvinneleg eg-forteljar som plasserer sitt eige liv i eit parallelt univers. Det som hende i St. Petersburg rundt 1905, gjentar seg i livet til forteljaren med forholdet mellom mor og dotter som det omdreiingspunktet alt sirklar kring, og som held romanen saman.

Det handlar om å ta styring over livet til andre. Helena Södergran lever gjennom dottera, og når Edith døyr av tuberkulose i 1923, 31 år gammal, blir det mora sin misjon å ta vare på ettermælet og redigere bort det som ikkje passar inn. Det som ikkje passar inn, er at Singa rømmer frå huset og kastar seg framfor toget. I Helena Södergrans borgarlege univers blir dette eit tabu, noko unemneleg, og i ettertid er det knapt nok nemnt i biografiar over Edith Södergran.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement