Bok
    Paradisførestillingar
    Dikt for born og unge leikar fram innsikt og overraskande perspektiv.
    
    
        Thierry Cazals’ dikt er omsette frå fransk av Tove Bakke.
        Foto: Wikimedia Commons
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Thierry Cazals er ein fransk forfattar (f. 1962) som har bakgrunn som sosiolog og har gjeve ut forteljingar, noveller og dikt for unge.
Ein elefant i paradis undersøkjer paradisførestillinga på ein leikande og innsiktsfull måte. Paradiset overskrid den gitte, røynlege verda og representerer ei etterverd der tinga oppfører seg litt annleis, ja, der tinga ikkje er ting lenger.
Mellomtilstand
Om Cazals’ dikt kan sjå ut til å ha ein utopisk og himmelsk horisont, krummar synsranda seg mot det jordiske perspektivet. Dikta til Cazals oppheld seg kanskje aller helst i ein mellomtilstand, i spranget mellom det jordiske og himmelske, det som finst og ikkje finst. Såleis er engelen som formidlar mellom tilstandane, hovudmotiv i dikta.
Den argentinske illustratøren Ana Yaels både vare og tydelege blyantteikningar held seg i det same mellomsjiktet; figurane ser ut til å sveve mellom draumen og den vakne tilstanden.
Tankevekkande
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.