På sporet av …
I jakta på andre leiter Patrick Modiano etter seg sjølv.
Patrick Modiano debuterte i 1968 og har skrive 28 romanar og fleire filmmanus.
Foto: Catherine Hélie / Éditions Gallimard
Roman
Patrick Modiano:
Usynlig blekk
Omsett av Tom Lotherington
Cappelen Damm
I den nyaste diktsamlinga si, Lysets ubetydelige feiltakelser, har Halvard Foynes eit dikt tileigna nobelprisvinnaren frå 2014, Patrick Modiano, der han ganske presist fangar inn det Modiano driv med i bok etter bok: «Å gjenskape glemte steder. De sporløse menneskenes nøytrale forteller (...) i tekster om mennesker som forsvant i Paris.»
Også i Usynlig blekk er det ei forsvinningssak som dannar ramma rundt søket etter ei ung kvinne, Noëlle Lefebvre, som ingen har sett på ei stund, og som ingen veit kor har tatt vegen.
Den unge Jean Eyben jobbar for privatdetektiven Hutte og får i oppdrag å finne henne, men spora er for få og utydelege til at han greier å løyse mysteriet. Men saka forfølgjer han, og 10, 20 og 30 år seinare leiter han framleis etter Noëlle ut frå den adresseboka ho etterlét seg, eit ID-kort med bilete, nokre brev og avisnotat pluss ei mappe med opplysningar som Hutte har samla.
Puslespel
Modiano tar lesaren med gjennom Paris frå den eine adressa til den andre via avenyar, bulevardar og gatenummer i ulike arrondissement, og etter kvart anar ein omrisset av noko som er der, samtidig som det er borte, slik draumar dukkar opp og forsvinn i «dette blaffet av nåtid som hadde klart å komme seg uskadd gjennom et halvt århundre».
Heile etterforskinga blir til mens forteljaren skriv, «minnene kommer mens skriften blir til», og alt av kronologi blir forkasta: «Jeg har aldri brydd meg om kronologi. For meg finnes ingen kronologisk orden.» Dermed blir alt eit samtidig no, underlagt puslespelets logikk «i det området der glemsel og erindring vaser seg inn i hverandre».
I dette puslespelet manglar det ei brikke, og denne brikka er Jean Eyben sjølv. Han blir gjenkjent av Noëlle Lefebvre når han omsider finn henne som eldre kvinne i Roma. Dei har reist med same buss til og frå skole og arbeid ein heil vinter i ungdommen heime i ein fjellandsby nær Annecy søraust i Frankrike, nær grensa til Sveits.
Var det verdt å leite eit heilt liv etter Noëlle Lefebvre og samtidig finne seg sjølv? Det er ikkje så sikkert: «Jeg er redd for at den dagen du sitter med alle svarene, da lukker livet seg over deg som en felle, med den lyden nøkler lager i døren til en fengselscelle. Ville det ikke være bedre å la noen rivningstomter bli stående åpne omkring deg, der det kunne gå an å stikke seg unna?»
Dunkel prosa
Patrick Modiano skriv ein heilt spesiell og dunkel prosa som fangar inn ei tidlaus melankolsk og eksistensiell sinnsstemning farga av både det draumeaktige og det dagklare, der gløymsla er den eigentlege fienden til minnet om stader, andre menneske og ikkje minst om ein sjølv.
Patrick Modiano blei presentert på norsk med tre korte erindringsromanar tilbake i 1980-åra, Gater i mørke, Ungdomstid og Søndager i august. Da han fekk Nobelprisen i 2014, blei desse bøkene relanserte, og dei siste åra er enda tre bøker av Modiano omsette til norsk av Tom Lotherington.
Eg tar gjerne imot fleire, for dette er litteratur av ekstraordinær kvalitet.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Patrick Modiano skriv ein dunkel prosa som fangar inn ei tidlaus melankolsk og eksistensiell sinnsstemning.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?