På heimebane
Levi Henriksen skriv nært om det han har kjært.
Levi Henriksen har skrive 25 bøker i ulike sjangrar.
Foto: Nils K. Johansen
Noveller
Levi Henriksen:
Så langt hjemmefra, så nær der jeg bor
Gyldendal
For rundt 20 år sidan starta eg gjerne bokhausten med å melde Cappelens debutantantologi Signaler, og det var i Signaler 2000 at eg først merka meg Levi Henriksen med novella «Gud velsigne William C. Stoke». Når eg skummar gjennom denne debutnovella, ser eg fort at stilen, tematikken og språket var i kim frå starten av, og sjølv om Henriksen i ettertid har slipt og pussa og utvida horisonten, er han framleis der han starta og der han alltid har vore: i Kongsvinger, tre–fire mil frå svenskegrensa, ikkje så langt heimanfrå, nokså nær der han bur.
Sidan debuten for 20 år sidan har Levi Henriksen levert 25 bøker innanfor ulike sjangrar, men det er med romanar og noveller han har etablert seg som ein folkekjær forfattar. I tillegg til skrivinga driv han også i musikkbransjen som låtskrivar og songar saman med sambygdingen Thomas Mårud i bandet Babylon Badlands.
Skitenrealistisk
Handlinga i Henriksens bøker utspeler seg i den fiktive bygda Skogli nær Kongsvinger i eit skitenrealistisk miljø der bedehuset og bilen står sentralt, maskulint og sårbart på same tid. Her løftar han fram eit mangfaldig persongalleri av mannfolk som ikkje heilt meistrar eit A4-liv, men stadig ramlar utpå, snublar, fell og reiser seg igjen. Det handlar ofte om forholdet mellom fedrar og søner og folk utan teljekant på livet; det er learning by doing som gjeld, livets skole framfor det teoretiske og akademiske. Samtidig er det ein grunntone av melankoli, sorg og vemod og ein religiøs lengt etter noko uhandgripeleg som stammar frå Eben Ezer og møta der med song og tungetale.
Ulikt andre forfattarar som har vakse opp med bedehuset som næraste nabo, tar ikkje Levi Henriksen avstand frå det. For han er trua noko naturleg og inderleg som ligg der som trøyst og rettesnor, og i forfattarskapen hans har jula ein sentral plass, også i årets bok, i novellene «Snø skal falle» og «I min mors hus».
Bibelreferansar
Hos Henriksen er det mange bibelreferansar, i overkant mange, vil nokon meine, men dei er integrerte i teksten og verkar ikkje sjenerande. Slik er det også med referansar til pop og rock der Jerry Lee Lewis får ein sentral plass i opningsnovella «Fordi faren min sa at ingen kunne fly slik som Bassen Prydz», ein vakker tekst om å ta farvel.
Henriksen skriv seg ofte opp til grensa for det sentimentale med sterke kjensler og litt store ord, men han har kontroll og balanserer det gjerne med ein dose humor og situasjonskomikk samtidig som språket i seg sjølv er så musikalsk, enkelt og liketil at ein tilgir det meste.
Så langt hjemmefra, så nær der jeg bor er den sjuande novellesamlinga frå Levi Henriksen. Det blir neppe den siste, og det skal vi vere glade for.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ulikt andre forfattarar som har vakse opp med bedehuset som næraste nabo, tar ikkje Levi Henriksen avstand frå det.
Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.