JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

På eventyr rundt hushjørnet

Jan Rabben hjelper oss til å sjå den nære naturen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fuglekonge.

Fuglekonge.

Foto: Jan Rabben

Fuglekonge.

Fuglekonge.

Foto: Jan Rabben

4060
20231201
4060
20231201

Sakprosa

Jan Rabben:

Fuglar og dyr rundt huset i skogen

Harpiks forlag

Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er, meinte Ivar Aasen. I boka Fuglar og dyr rundt huset i skogen lar Jan Rabben heller det som skal finnast, kome dit han er.

Den erfarne naturfotografen har i ei rad bøker vist fram fauna, flora og landskap frå ulike kantar av Vestlandet. Denne gongen held han seg heime. For huset i skogen er heimen til fotografen sjølv på Stord.

Det er med andre ord den nære naturen sin tur: Rabben peikar ut fugle- og dyreartane som ferdast nær huset. Og han kjem ekstra nær dei ved å sitte i skjul, studere dei og vente på den rette augeblinken til å få eit godt bilde.

Forstå meir

Tittelen tyder på eit jordnært verk. Men føreordet spenner opp eit vidt og mørkt bakteppe: Fuglebestandane i Europa har minka med 600 millionar individ sidan 1980. Det er noko «ein ikkje utan vidare legg merke til utan ein viss kunnskap», legg Rabben til.

Så gyv han laus på å gi oss nettopp kunnskap om artane han har tett innpå livet. Boka bør inspirere alle som vil forstå meir av det som rører seg utanfor stoveglaset eller hytteveggen. Og den som har ein naturfotograf i magen, kan plukke med seg gode råd.

Skogen til Rabben ligg altså på ei øy i vest. Det hindrar ikkje at lesarar over heile landet vil finne mykje å kjenne att i boka. Her er vidt utbreidde kjenningar som kjøtmeis og gråtrast, meir eksklusive saker som stillits og nøttekråke – og ein vestlandsspesialitet som kvitryggspetten.

Gjestelista til Rabben er imponerande. Over boksidene fyk alt frå ugler og haukar til spettar og sporvefuglar. Og inn i hagen vandrar det dyr, frå dei heilt store til dei heilt små. Vi får helse på tilfeldige gjester og ei padde med fast plass under steinhella.

Spennvidda vitnar om at skogen rundt huset er rik – og om at fotografen har rikeleg av sånt som ikkje er til sals i fotobutikken: tolmod, blikk, innsikt.

På lag

Rabben nøyer seg ikkje med å skilje mellom artane. Han har syn for individet: Den eine grønsisiken med dei ekstra sterke fargane. Ekornet som kan plukkast ut på det raude feltet på halen. Fuglekongen som viser seg å vere ein hann fordi det flammar i litt oransje oppå hovudet.

Det kjem godt fram at Rabben gjer mykje for å få dyra og fuglane nær seg. Han spelar på lag med dei ved å henge opp mengder av fuglekasser, legge ut det rette fôret og lage ein dam der dei kan drikke og bade.

Brorparten av boka er fylt av bilde, og dei held høg kvalitet. Motiva er herleg varierte. Her er vakre posørar i vårskogen, kamphanar på fuglebrettet og flittige foreldre med nøtter i nebbet. Det er liv og røre.

Rabben kan kunsten å ta framifrå bilde av småfuglar i flukt. Det er ikkje det enklaste ein kan gi seg i kast med. Han byr på praktiske og taktiske tips til den som vil våge seg på slikt.

Bilda får god plass på dei store sidene og er fint plasserte. Unntaket er ei nøtteskrike som har fått hovudet inn i bretten. Den mest underhaldande delen av boka er «Kampen om matfatet», der har bilda både drama og komikk.

Livfullt

Tekstane flyt lett og fint. Dei fleste kapitla tar føre seg ein fugle- eller dyreart. Forfattaren fortel levande om kva han har lært ved å observere artane, om kva dei likar å ete, og om korleis han går fram for å fotografere dei.

Perspektivet er nært, men ikkje nærsynt. Rabben flettar inn fagkunnskap og set husvenene sine inn i den store samanhengen.

Sjølv registeret bak i boka nyttar han til å opplyse lesaren. Saman med fuglenamna står det ikkje berre sidetal. Det står også tal på kor mange hekkande par Noreg har av artane. Rettare sagt: Kor mange par vi hadde då tala blei rekna ut i 2015. Fleire artar har blitt merkbart sjeldnare sidan då.

Dermed avsluttar han boka der han byrja: med å minne om at det går nedover med naturen. Men verket er ein opptur. Rabben gir eit livfullt bilde av rikdomen i nærmiljøet. Slik viser han oss noko av alt det som står på spel i naturkrisa.

Svein Arne Orvik

Svein Arne Orvik er hobbyornitolog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis