Bok

Overgangsritar

I Astrid Nordangs roman møter vi menneske i ulike former for transisjon.

Astrid Nordang bur i Oslo, er forfattar og omsettar.
Astrid Nordang bur i Oslo, er forfattar og omsettar.
Publisert

Legendariske Maria Callas blir av mange halden fram som den beste sopranen til alle tider. På 1950- og 1960-talet funkla superstjerna oppe blant verdas øvste celebritetar. Pier Paolo Pasolini er like berømt, for filmane og tekstane han skapte, men også fordi livet hans enda brått og dramatisk. Callas og Pasolini hadde ein romanse i 1969 under filminnspelinga av Medea, der Callas hadde tittelrolla.

Synsvinkelen i annakvart kapittel i Anita (53) ligg hos Callas. Den andre stemma høyrer til ei fiktiv norsk kvinne frå i dag. Anita drar til Italia for å skrive eit langessay om denne filmen. At alderen hennar blir trekt fram i tittelen, er eit poeng, ho er i overgangsalderen. Dessutan er ho like gamal som Callas var då ho døydde – einsam etter vonde år. Anitas liv er ikkje tragisk, men ho kjenner på ei sterk uro, i sitt eige liv og over samtida.

«Mor, jeg vil bli kvinne»

er opningsorda i romanen. Han som lar orda falle, er Anitas son på nitten år. Med det er vi straks kasta inn i eit heitt tema som gjer boka særs aktuell: at så mange unge menneske i dag ønskjer å endre kjønnsidentitet og å få ein annan kropp enn den dei vart fødde med.

Replikken kjem når Anita er på veg ut døra for å kome seg på flyet til Roma. Men også i den italienske hovudstaden trenger problemkomplekset seg på. Ein av Anitas vener frå fortida har tatt spranget frå mann til kvinne. Dessutan blir temaet «trans» diskutert overalt der ho kjem, ofte høglydt og intenst. Kjønnsdysfori og identitetspolitikk er tidas melodi. Anita strevar med å synge med – og treng ho eigentleg det? Det er i alle fall umogleg å stille seg likegyldig.

I Roma bur Anita på eit nordisk senter for kulturarbeidarar og kunstnarar, alle menn. Baksideteksten på omslaget av boka lovar «erotiske forviklinger». Eg tykkjer formuleringa er noko misvisande. Vel har romanen humor, men det er alvorlege og store problemkompleks som blir handsama her – ikkje minst understreka av at plottet er sett mot den klassiske tragedien Medea, om kvinna som tar livet av sine eigne barn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement