JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Overdådig paradoks

Biografien om Georg Johannesen er storarta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Georg Johannesen saman med borna Edda (i baugen) og Julius.

Foto: Privat / Samlaget

10481
20220923
10481
20220923

Biografi

Alfred Fidjestøl:

Innerst i hjertet har jeg min forstand. Biografien om Georg Johannesen

Samlaget

Ingen som opplevde eller blei utsett for Georg Johannesen (1931–2005), stilte seg likesæl. Til det var mannen og det mangfaldige verket han skapte, for sprutande av energi og provokasjon.

På sitt beste, og det var han ofte, verka poeten, essayisten og polemikaren Georg Johannesen som ein litterær skjerebrennar som skar seg gjennom flosklar, slappe omgrep og tenkemåtar. Her var han eineståande.

På sitt verste, og det var han rett som det var, var Georg Johannesen full av rabiate personåtak bortanfor både folkeskikk og slikt som kan skape rasjonell samtale og kommunikasjon.

I alt dette kunne han også ofte ha ein gedigen underhaldningsverdi, om ein då ikkje blei råka av vreiden. På to bein var det som om han åleine skapte eit offentleg karneval. Stundom datt han ned på nivået til ei russeavis.

Vinteren 1986–87 ringde han meg på stipendiatkontoret på Blindern. «På høyden» i Bergen hadde han fått ein idé om å råke ein varig fiende, litteraturprofessor Edvard Beyer. Georg Johannesen ville at det skulle lagast eit festskrift til professoren. Det skulle overleverast på 67-årsdagen hans: «For då må han gå av!» Latteren skralla gjennom fasttelefonen frå Bergen.

Rastlaust fyrverkeri

Om dette raustlause fyrverkeriet av ånd, poesi, lærdom og polemikk har Alfred Fidjestøl (f. 1973) hatt motet til å skrive ein biografi. Han er storarta. Av fleire grunnar. Kjeldearbeidet er solid og ryddig. Skrivemåten både skarp og balansert. Med rike innslag av karakteriserande aforismar som er sjeldne å finne i eit solid biografisk arbeid. Saman med velvalde ord frå sitatmaskinen Georg Johannesen, både offentlege og private, gir dette biografien litterær kvalitet.

Den etterlatne familien har vist modig tillit til biografen. Det er prisverdig. Resultat har blitt eit skriftstykke på vel 500 sider av sjeldan høg kvalitet.

Livsveven

I det djerve forsøket på å belyse samverknaden mellom liv og verk, bio-grafien, har Fidjestøl valt kronologien frå fødsel til død. Dette er konvensjonelt, neppe i Georg Johannesens ånd, men vellykka. Barndommen i gamle Bergen, midt mellom klassene, inne i smaua, gir eit portrett av ein klassisk tjuagutt. Kjapp til beins, kjapp i kjeften og kjapp i toppen. Den unge Georg viser seg også å ha draget på jenter frå borgarskapet. Klassemedvitne fedrar får eit svare strev med å halde han unna. Men dei lykkast.

Ei formativ erfaring for den unge Georg Johannesen må valet om å nekte militærteneste i 1950–51 ha vore. Dette var modig og radikalt utstøytande fem år etter krigen. Den unge mannen blei send til «sivilteneste» i leirar for gamle landssvikarar. Tenesta bestod av myrarbeid og grøftegraving, «I praksis straffearbeid», skriv biografen. Då Georg Johannesen stikk av og blir fengsla, blir han utan pardong dømd til seks månader i fengsel i Molde. Så følgjer til slutt eit nytt, lengre opphald i fengsel i Oslo. Å lese om dette i dag gjer inntrykk. Det er til å forstå at den unge mannen blei radikalisert. Grunnlaget for eit hat mot Nato, USA og makteliten i Einar Gerhardsens tid var lagt.

Fidjestøl legg seinare fram nytt biografisk materiale som kan kaste lys over nokre av dei poetiske storverka signert Georg Johannesen, som Ars morendi eller de syv dødsmåter. Dette gjennom nokre av dei mange kjærleikshistoriene Georg Johannesen levde gjennom. Han verka som ein magnet på fagre og interessante damer. Dette er fint lesestoff. Definitivt. Men her er eg i forstandig tvil om dette relevante materialet i ein biografi vil vere til stor nytte for lesarar av dette kanoniserte storverket om la oss seie hundre år.

Men dette betyr ikkje at Fidjestøl er snever biografisk i det han skriv om litteratur. Tvert om. Biografen skriv at det fanst to versjonar av Georg Johannesen. Skiljet mellom dei to skal gå rundt 1970. Ikkje berre mellom «han utan skjegg, og han med skjegg – men mellom han som ’skreiv knapt og konsist og han som skreiv langt og subtilt’». Det er godt sett. Og godt formulert.

Mange paradoks

Biografen har eit skarpt blikk for dei mange paradoksa ved Georg Johannesen. Han var ein nådelaus kritikar av dei fleste institusjonane han kom i kontakt med. Samstundes løfta dei same institusjonane han fram i sine ulike roller, som poet, akademikar og offentleg refsar. Han blei ofte handsama liberalt. Det nyskapte Kulturrådet gav Georg Johannesen arbeidsstipend over fleire år, Forskingsrådet følgde opp. Og Universitetet i Bergen gav han etter kvart både fast arbeid og fridom. Til slutt gav den utskjelte staten han stipend. Den fremste og mest storkjefta kritikaren av institusjonane blei altså på mange måtar handsama raust.

Det var klokt. Ei eineståande kritisk kraft fekk utfalde seg. Marknaden kunne ikkje sørge for dette. Til det selde litteraturen hans for dårleg, der han stod i krass motsetnad til den rådande og stadig meir kommersielle smaken som rådde. Det var institusjonane som gav Georg Johannesen rom og økonomi. Biografien viser interessant nok kven som var bakspelarane i dette. Det var ikkje vennene hans, som lenge mangla makt, men til dømes AP-statsråden Helge Sivertsen, professoren Willy Dahl og den utskjelte direktøren Andreas Skartveit.

Det blir nesten rørande, eit sentimentalt ord langt unna Georg Johannesens ånd, når tre lærde, skandinaviske nestorar innan det i antikken baserte faget retorikk skal vurdere om dei skal gi den aldrande Georg Johannesen professorkompetanse. Dei hadde vektige og forstålege innvendingar mot Georg Johannesens versjon av retorikken som fag. Men dei gav han professorkompetanse, fordi han stod «i en klasse for seg». Slik fekk han falde seg ut i ei nokså fri rolle ved universitetet i Bergen – til nytte for universitetet og til glede for mange yngre intellektuelle som har gjort seg gjeldande innan essaystikk og retorikk. Det spørst om akademiske institusjonar i dag har rom for å utvise ein slik fornuftig liberalitet?

Ei anna side ved Georg Johannesen som Fidjestøl ser godt, er blikket for den avgjerande krafta skiftande klikkar og uformelle institusjonar gav. Fremst mellom dei er andre forfattarar. Først Axel Jensen, Stein Mehren og Harald Sverdrup. Seinare Jan Erik Vold, Olav H. Hauge, Einar Økland, Kjartan Fløgstad og Inger Hagerup. Og ikkje minst barndomsvennen Kjell Heggelund, emissærsonen frå Bergen. Så ei perlerad av dei fremste av våre dagars forfattarar, med Fosse og Knausgård i spissen. Biografen kunne godt også ha teke med Vigdis Hjorth.

Heile bildet

I ei særstilling og over fleire tiår og livet ut stod kystbohemen i Søndeled i Aust-Agder. I spora etter Aksel Sandemose tok teaterfamilien Armand, litteraturfamilien Hagerup med fleire sommaropphald i Søndeled ved Risør. Residerande patriark i flokken var Torolf Solheim, utgivar av tidsskriftet Fossegrimen. Her fekk Georg Johannesen tidleg eit godt rom. Det var forresten her han stakk av med dama til den unge beundraren Harald Berntsen. «No stal profeten kjærasten hans», skriv biografen. Den unge kvinna heitte Jorun Solheim.

I unge år var også politiske samanhengar viktige for Georg Johannesen. Han blei dobbelekskludert frå Arbeidarpartiet på slutten av femtitalet og var drivande i etableringa av SF. Deretter stilte han seg med sikker teft i absolutt motsetnad til den maoistiske galskapen som braut ut rundt 1970 med SUF og deretter AKP. Han reagerte sterkt på synet av «lekre studiner» som bryt ut i applaus når SUF viser film av ei kinesisk atombombesprenging.

Mindre tiltalande sider viser biografen også fram, som dei misogyne karakteristikkane av SV-leiarar, Berit Ås som Berit Vås/Gås og Kristin Halvorsen som flyvertinne på eit Nato-bombefly. Georg Johannesen var også ein mannssjåvinist som lenge levde i ei mannssjåvinistisk tid.

Framtida vil også stille seg undrande til Georg Johannesens sovjetnostalgi og blinde mangel på kritikk av sovjetkommunismen.

Biografen viser oss klokt det heile bildet av mannen.

Dei næraste

Det er fleire personlege relasjonar som i biografien trer fram som særleg viktige i livet til Georg Johannesen. Som forholdet til bestefaren og familieoverhovudet, vognmannen Johan Knut Johannesen, og mora Ingeborg, som var truande og stril. Ho stod sonen nær så lenge ho levde. Mens avstanden til den utru faren Knut, loddseljar og byoriginal, tidleg blir fjernt, for så å ende i brot og absolutt avstand, i same by. Det var strengt og hardt, dette, for sonen.

Men fram om alle trer etter kvart Laila Aase fram. Sambuar med Georg Johannesen i hans tre siste tiår. Ei sterk kvinne, sakprosaforfattar med suksess, lektor og lærar i norsk ved Universitet i byen Georg Johannesen vende tilbake til. Dette etter år i eksil i Oslo, med avstikkarar og eventyr til store europeiske byar, mellom dei Budapest. Ein får inntrykk av at Laila Aase hadde ein god innverknad på bohemen og damemagneten. Han får i borgarleg forstand meir orden på livet sitt. Saman får Laila og Georg ein son. Georg vil at han skal heite Jesus. Det blei Julius.

Basen blei Bergen, om sommaren Søndeled. Den keivhendte Georg Johannesen begynte også å male, med suksess.

Byen Bergen har han karakterisert slik: «Bergens historie er en sammenhengende tilbakegang, bare avbrutt av enkelte katastofer». Tam blei heldigvis aldri bergensaren.

Eit storverk

Tittelen på biografien er Innerst i hjertet har jeg min forstand. Dette er eit sitat frå poeten Georg Johannesen. Det viser til den konsekvensetiske posisjonen han tenkte frå gjennom heile livet. Konsekvent og produktivt. Eit par polemiske sitat kan vise kva dette kan bety: «Når hjertet er størst, er hjernen minst.» Eller: «Han føler for meget. Han tenker for lite.»

Alfred Fidjestøls biografi har blitt vellukka. Det må ha med den lykkelege dialektikken som har oppstått mellom biograf og den biograferte å gjere. Fidjestøl er både forstandig og klok. Og langt meir nyansert enn Georg Johannesen. Han ser likevel at det strenge og stundom rabiate ved Georg Johannesen truleg var eit nødvendig uttrykk for den motoren som skapte det mangfaldige og rike livsverket vi knyter til signaturen Georg Johannesen.

Dette er eit flott utført tolkingsarbeid av forfattaren Alfred Fidjestøl.

Boka har ein klar design, med interessante foto og eit avsluttande bildelegg som viser malaren Georg Johannesen. Spora etter solid redaksjonelt arbeid viser seg i språkleg konsistens. Dette har også Samlaget all ære av.

Geir Mork

Geir Mork er pensjonert konsernsjef i Gyldendal.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis