Bok

Osmotisk trykk i osmansk Tyrkia

Sjarmerande roman frå ei kulturell brytingstid.

Ahmet Mithat (1844–1912) var ein engasjert folkeopplysar fødd i Istanbul.
Ahmet Mithat (1844–1912) var ein engasjert folkeopplysar fødd i Istanbul.Ahmet Mithat (1844–1912) var ein engasjert folkeopplysar fødd i Istanbul.
Publisert

Roman

I nok eit godt tilskot til den fabelaktige klassikarserien frå Skald, den særs sjarmerande romanen Felâtun bey og Râkim efendi av tyrkiske Ahmet Mithat, ein roman som kom ut fyrste gongen i 1875, som også var 1292, er kulturutveksling og kulturkonflikt hovudsaka.

I det osmanske Tyrkia mot slutten 1800-talet stod valet for ein fri person mellom å leva etter muslimsk skikk, allaturka, eller å leva etter vestleg føredøme, allafranga. Ikkje overraskande syner det seg at dei to hovudpersonane i romanen, Felâtun og Râkim, går kvar sin veg, Felâtun vil leva allafranga, Râkim allaturka.

Personlegdom

Ulikskapen kjem ikkje berre til uttrykk ved korleis dei ter seg, men gjennom personlegdomane, såleis at Râkim er ein rakrygga heidersmann, medan Felâtun er meir av det ein på mine kantar kallar «ein fela fyr». Felâtun liknar tyrkisk uttale av namnet Platon, men i staden for platoniske ambisjonar lever Platon i plottet platt i vedvarande platåfase og er plent straks på pletten der plattenslagarar går for plutokratiske plussvariantar, og vitet vantar.

Noko har dei to hovudpersonane likevel sams, for båe er særs høviske i talemåten, men det stikk djupare hjå Râkim enn Felâtun. Båe har også innsyn i den verda den andre lever i, det går føre seg ei viss utjamning av seder, men jamvekt mellom det vestleg-sekulære og det orientalsk-religiøse tykkjest uoppnåeleg. Derimot ser det ut til at den gjensidige vørdnaden var betre utvikla i Tyrkia i 1875, og for den saks skuld 1292, enn han er hjå oss i våre dagar, i 2020 så vel som i 1441.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement