Bok

Originalt virvar

Ayse Koca debuterte med den første forteljinga om Yoko Onur i 2015. Boka fekk positiv mottaking og vart henta inn i både læreverk og leselystaksjonar. Muslimsk tru og kultur er ein del av den litterære verktøykassa forfattaren har for handa. No kjem bok nummer to.

Yoko bur framleis saman med mor si. Sofaen deira luktar rumpe fordi mora har med seg så mange kjærastar heim. Saman med bestevenninna Kara opprettar ho falsk datingprofil for å få tak i ein skikkeleg mann til mamma, men finn i staden pappa. Den verkelege faren til Yoko er homofil. Han bur saman med Arman og hunden Hjalmar.

Der dukkar også Alan opp. Nevøen til Arman har det tøft heime, der muslimske levereglar vert handheva.

Midt i eit virvar av livsutfaldingar skal Yoko finne si. Ein styrke ved historia er at alle har «hjartet på rette staden», trass i at dei lukkast meir eller mindre godt med å leve etter eiga rettesnor.

Muslimske uttrykk og seiemåtar krydrar framstillinga. Språket har eit munnleg preg der ulike typar lister, skrifttypar og uthevingar er med på å forme forteljarstemma. Dette understrekar kjensla av virvar. Ein kan like det eller ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement