JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Oppvekst i opprørets tid

Ikke gråt, barnet mitt er ein sterk roman frå frigjeringskampen i Kenya.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3624
20210514
3624
20210514

Roman

Ngugi Wa Thiong’o:

Ikke gråt, barnet mitt

Omsett og med forord av
Reidulf Molvær
Solum Bokvennen

Tolkinga av ei hending får tidt status som faktum, til ein får eit anna perspektiv og oppdagar at ulike perspektiv er moglege. I romanen Ikke gråt, barnet mitt frå 1964 av den kenyanske forfattaren Ngugi Wa Thiong’o får lesaren stundom sjå glimt av dei to verdskrigane frå austafrikansk synsvinkel, og tolkingane ein gjer frå den sida, er like sanne som dei autoriserte i den såkalla vestlege verda.

Kenyanarar som tenestegjorde for Storbritannia i andre verdskrigen, kom heim til eit land der jorda deira var kverrsett av kvite nybyggjarar. Slik var det til dømes for mannen Ngotho i denne romanen, han mista ein son i krigen, og jorda han ein gong åtte, gjekk til briten Howlands, ein mann som helst berre vil driva garden, men som mot slutten av romanen syner seg som ein nådelaus torturist.

Opprør

Ngotho har fleire søner, og det er den yngste, Njoroge, som står sentralt i teksten. Han veks opp på femtitalet, medan Mau Mau-opprøret veks fram i Kenya. For den unge Njoroge er det ikkje slike store saker som får mest merksemd. Derimot skal han få byrja på skulen, noko som ikkje er sjølvsagt. Han skal også få skjorte og bukse, og alt tykkjest gildt og godt.

Staden der han bur, er ein liten landsby, men også ein liten landsby er ein del av verda, og meldingar om kva som går føre seg elles i Kenya, når litt etter litt landsbyfolket. Det er tale om ein streik, at alle kenyanarar, slavar i eige land, skal streika i opprør mot det britiske herrefolket og regjeringa.

Ngotho, som er i teneste hjå Howlands, kjem uforvarande til å verta synleg som lokal representant for opprøret, i konflikt med den like lokale quislingen, den rike bonden Jacobo. Streiken er mislukka, og Ngotho vert avsett av Howlands.

Åra går, Njoroge er flink på skulen, og då han kjem inn på vidaregåande skule, er det ei storhending som heile landsbyen gleder seg over. Men opprøret er i utvikling, og private konfliktar veks til politisk strid. Folk hamnar i fangeleirar utan eigentleg årsak, valden grip om seg, drap vert daglegdags. Og samstundes skal ein no leva frå dag til dag, somme i von om framhald av det som var nokre få år tidlegare, andre med eit brennande ynske om fridom.

Utvikling

Men Ngugi Wa Thiong’o syner at det også finst andre synspunkt, og det er nett der han løfter både denne boka og andre eg har lese av han: Skurkane er ikkje berre skurkar, heltane slett ikkje berre heltar. Ein eldre bror av Njoroge, Boro, er med i opprørsrørsla, men han har ikkje nokon illusjon om at alt nokon gong vil verta bra. Attom dette kan ein ane ei kjensle av at omgrep som folket og nasjonen ikkje er røynlege, eller representerer noko røynleg, og at dette er generelt, like mykje i Noreg som i Kenya.

Fleire av personane i boka vert skildra frå innsida, og forfattaren er ein meister når det gjeld å få fram det særeigne hjå kvar einskild utan å ty til store fakter. Når Howlands tenkjer på seg og sitt, er det med ei plausibel blanding av observasjonar og minne, men heller få voner. Njoroge er på si side i det nære og det fjerne på same tid, meir optimistisk i byrjinga av boka enn mot slutten. Han har med andre ord utvikla seg, og utvikling er sjeldan avvikling av det innvikla.

Kort og godt er dette ein sterk roman som held seg til det kvardagslege perspektivet, medan periferien rasar.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skurkane er ikkje berre
skurkar, heltane slett ikkje berre heltar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis