JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Oppegåande hundreåring

Joseph Roth er gjenoppdaga over heile Europa.

Den austerriksk-jødiske forfattaren Joseph Roth vart fødd i 1894 i Brody, ein liten by i nærleiken av Lviv i det noverande Vest-Ukraina.

Foto: Solum Bokvennen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3214
20240516
3214
20240516

Roman

Joseph Roth:

Opprøret

Omsett av Stein Dahl Mathisen
Solum Bokvennen

Den siste tida har austerrikske Joseph Roths forfattarskap hatt eit oppsving her til lands og elles rundt i Europa. Gesammelte Werke kom på tysk i 2015, og fire titlar omsette av Geir Pollen og Stein Dahl Mathisen ligg føre frå 2014 til 2024: Novellesamlinga Legenden om den hellige drankeren (2014), essayet Jøder på vandring (2015) og romanane Den falske vekten (2020) og årets bok Opprøret. Men alt i 1933 var romanen Radetzkymarsjen (på tysk i 1932) ute i norsk språkdrakt, omsett av Charles Kent, og eit anna av Roths hovudverk, romanen Job, kom på norsk i 1977 ved Nils Magnus Bugge.

Likevel, det er først i dei siste ti åra at Joseph Roths forfattarskap er løfta fram her i landet, takk vere Solum Bokvennen.

Alkoholisme

Joseph Roth (1894–1939) blei ingen gammal mann, og slutten av livet hans var prega av tung alkoholisme. Han døydde i eksil i Paris etter å ha flykta frå nazistane, slik også Stefan Zweig, Robert Musil, Hermann Broch og Franz Werfel måtte. Alle bar med seg Verden av i går, Habsburgmonarkiets samanbrot etter første verdskrigen og den verdikrisa dette skapte hos mange, ikkje minst hos Joseph Roth.

«Ein meir bitande ironi skal ein leite lenge etter.»

Opprøret kan fort lesast inn i denne verdikrisa, der samfunnspilarane kyrkje, stat og rettsvesen blir sette i spel og spørsmålet som melder seg, blir kven som skal beskytte dei fattige og forkomne. Gjennom hovudpersonen Andreas Pum blir dette belyst, frå ei nærast naiv og underdanig tru på orden og rettferd til eit himmelstormande opprør mot heile samfunnsstrukturen.

Andreas Pum er krigsinvalid. «Han hadde mistet et bein og fått en medalje», og denne medaljen gjer han i eigne auge til ein respektert samfunnsborgar. Etter kvart får han ein beinprotese og lisens for å spele lirekasse rundt omkring i byen. Det går så bra med han at han til og med kan gifte seg med ei enke. Men kor lenge var Adam i paradis?

Ein dag på trikken vender lagnaden seg mot Andreas. Han kjem i handgemeng med possementhandlaren herr Arnold, som er i dårleg humør etter å ha mislukkast i å forføre sekretæren sin, og denne scenen er eit høgdepunkt i ironisk distanse og plutseleg innsikt i eigen situasjon som forakta invalid. Det endar i fengsel, lirekasselisensen blir inndratt, og Andreas Pum blir trekt inn i ei byråkratisk kvern som reagerer på bagatellar og lar grove brotsverk passere. Utan å nemne det viser Roth elegant fram kva klassejustis handlar om: «Lovene ligger som revesakser på de veiene der vi arme småfolk ferdes.»

Ironi

På eit vis går det likevel Andreas’ veg. Ute av fengsel ordnar ein venn, oppkomlingen Willi, ein jobb for han som uniformert toalettvakt, med medalje på brystet! «Han kjente de hemmelige sammenhengene mellom offentlige toaletter og patriotisme, og visste å verdsette den ornamentale virkningen av en dekorert invalid på et toalett.» Ein meir bitande ironi skal ein leite lenge etter.

Det er hundre år sidan Opprøret kom ut på tysk. Det er ein usedvanleg oppegåande hundreåring vi har med å gjere.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis