Opp- og nedturar
Cornelius C. Steinkjer vil meir enn han får til.
Cornelius C. Steinkjer er fødd og oppvaksen i Oslo og arbeider som journalist.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Roman
Cornelius C. Steinkjer:
Sorl
Cappelen Damm
Cornelius C. Steinkjer er ein ung debutant, født 1998 i Oslo, og det er frå Oslo han hentar stoff og handling til debutromanen Sorl, der han gjennom nokre år følger hovudpersonen Lyder Alvings kamp med seg sjølv. Lyder har ei bipolar liding; han er høgt oppe og djupt nede, blir innlagt, medisinert og sett i terapi utan at det dempar rastløysa og kverninga i hovudet og kjensla av å stå utanfor sitt eige liv.
Samtidig held han fast ved ein fasade som vellukka kulturjournalist, ein sjølvsentrert og arrogant vestkantgut med dyre vanar. Han taklar ikkje overgangen frå freelancar til fast stilling, blir sparka og lever deretter på kjærasten Hedvig Wangel mens han skriv ferdig eit romanmanus som blir avvist frå tre forlag.
Draumar og ambisjonar er større enn talentet, og dette har han tungt for å ta inn over seg, for han ser for seg at han kan levere bidrag til verdslitteraturen. Denne mangelen på sjølvinnsikt blir noko dei næraste må ta omsyn til, og på ulikt vis prøver dei å justere sjølvbiletet til Lyder.
Utan sting
Trass i eit sjølvdrap («Ulriks premature død!»), eit turbulent kjærleiksliv og heftige diskusjonar kring kunst og teater, er teksten ganske fri for både dramatisk og psykologisk nerve og sting, og da hjelper det lite å utstyre persongalleriet med namn frå Ibsens skodespel – ein møter i tillegg til Lyder Alving og Hedvig Wangel også Rebecca Tesman; og ut frå etternamn finn ein Løvborg, Rank, Engstrand, Gregers (ein hund), Rubeck, Allmers og Werle.
Det er fikst, men det gir verken djupn eller substans til teksten som etter kvart blir ein langdryg og retningslaus affære der bridge fyller mange sider og essayistiske refleksjonar kring teater og forfattaryrket fyller enda fleire. Når språket undervegs blir ganske stivt og stilleståande med pompøse utfall som «Lidelse er livets valuta» og «Jeg sto overfor valget for en evighet», blir inntrykket at her har forlaget vore ganske slepphendte med språkvask og korrektur.
Platt og dumt
Enda meir slepphendt er det at formuleringar som «jeg satte pris på representasjonen av natur» får sleppe igjennom saman med å «bevandre en gate» i tillegg til ordkonstruksjonar som «praktikaliteter» og «prokrastinere». Kanskje er dette meint som humor.
Sorl er eit lite brukt ord i norsk, men det tyder «svak, monoton lyd av rislende vann», og ifølgje Det Norske Akademis ordbok er ordet brukt av både Karl Ove Knausgård og Jan Kjærstad dei siste åra. Opp dit er det ein dryg veg å gå for denne debutanten.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Teksten blir etter kvart blir ein langdryg og retningslaus affære.
Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.