JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Openberring

Åshild Tveit skriv personlege og nære dikt om sjukdom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Åshild Tveit debuterer som lyrikar.

Åshild Tveit debuterer som lyrikar.

Foto: Rune Hammerstad

Åshild Tveit debuterer som lyrikar.

Åshild Tveit debuterer som lyrikar.

Foto: Rune Hammerstad

2612
20240621
2612
20240621

Dikt

Åshild Tveit:

Stråle 3

Lyrikkforlaget

Åshild Tveit (f. 1971) debuterer som lyrikar med Stråle 3. Det er ein sein debut, som det heiter, men det er ikkje noko gale i det, særleg ikkje i eit land der debutantane berre vert yngre og yngre.

Som tittelen indikerer, krinsar boka om sjukdom og kreft, framført i enkle og upretensiøse vers, men likevel verknadsfullt og gripande. Opningsdiktet er eit av dei beste i samlinga, og det slår an eit velkjent motiv i kunst- og litteraturhistoria, dødsdansen eller danse macabre – særleg Hans Holbein nytta dette motivet i ei rekkje framifrå tresnitt og trykk: «Eg dansar tango/ med døden/ meg og han/ han held meg melankolsk i armane sine/ og let meg gråte.»

«Tveit nyttar mange meta­forar i boka, ofte med god poetisk verknad.»

Avstand

Alt er personleg og nært, men samstundes etablerer ho såpass stor avstand mellom forfattar og verk at sjukdomshistoria ikkje vert for påtrengjande. Det er flott at Tveit er så open og ærleg om den alvorlege sjukdomen.

I boka Illness as Metaphor (1978) går den amerikanske forfattaren Susan Sontag, som sjølv var kreftpasient, til åtak på myteskapinga kring sjukdom. Det er metaforane som opphavleg vart nytta til å forklåra sjukdomane, som er fyrste årsaka til mytologiseringa.

For det latinske ordet cancer tyder eigenleg kreps. Og då er ikkje vegen lang til oppfatningar om straff og skuld, som sjølvsagt legg ytterlegare stein til børa for den sjuke.

Som Sontag seier: «Sykdom er livets nattside, et mer byrdefullt statsborgerskap. Enhver som fødes, er borger av to riker, de friskes rike og de sykes.» Ifølgje Sontag er det tuberkulose og kreft som er mest nedtyngd av biletleg maskering, og difor mest råka av mystifisering og tabu.

Metaforar

Tveit nyttar jo mange metaforar i boka, ofte med god poetisk verknad, til dømes i «Kreftavdelinga»: «Tru ikkje/ at det er fred i dette landet!/ her finst ei slagmark/ ikkje ulik den i Afghanistan/ der ein krig vert kjempa/ strategiar lagt opp.»

No er ikkje avstanden til Sontag så stor som ein skulle tru, for det Sontag vil, er å gjera oss merksame på rolla metaforar og språkbruk speler i måten vi tenkjer om sjukdom på. Og med Åshild Tveit tenkjer vi kanskje til slutt annleis: «På den andre sida har me ikkje ord/ me snakkar med eit anna språk/ viss det er noko me vil seie/ då seier me det/ med rein kjærleik.»

Openberring, ikkje fortrenging, er sjølve prinsippet bak skrifta til Tveit, og det tykkjer eg er noko av det mest sympatiske med debutboka.

Kjetil Berthelsen

Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis