Bok
Om tru og nåde
Geir Olav Jørgensen skriv klokt om små menneske og store spørsmål.
Geir Olav Jørgensen teiknar eit vakkert portrett av ein far, skriv Odd W. Surén.
Foto: Hans Johan Brun / Cappelen Damm
Kva og korleis er forteljinga om livet ditt? Kva definerer deg? Er det slikt som år ut og år inn er regelen, som kanskje berre nokre få ser, eller er det unnatak, som alle får auga på, og gjerne nemner? Desse spørsmåla stiller ikkje Geir Olav Jørgensen direkte i romanen Evangelium, men eg tykkjer dei ligg der, under, over og ved sida av dei han faktisk formulerer.
Romanen er i tre bolkar. I den fyrste teiknar forfattaren, eller i alle høve forteljaren i boka, eit sterkt og vakkert portrett av far sin. I notid, eller så nær notid at pandemien er ein realitet, er faren alvorleg sjuk, og forteljaren, sonen, skriv nært og detaljert om sjukdomen, om reiser til Haukeland sjukehus, om kurar som ikkje er til hjelp.
Avgjerande spørsmål
Samstundes vekkjer situasjonen gamle tankar om svar på avgjerande spørsmål. Han har ei tru, men ho høyrer ikkje til i organiserte trussamfunn. Likevel er det til folk som erklærer seg som personleg kristne han vender seg, på leiting etter sterkare tru, og kan hende nåde. I tillegg til dette skriv Jørgensen mykje om korleis denne faren var, ein bauta av kunnskap, tryggleik og omtanke, ein vaksen mann som stundom vart lei av maset til den sanningssøkjande sonen.
I den andre bolken er me nokre tiår attende i tida, då sonen er ein ung vaksen, stadig leitande, og stundom i stand til å gjera seg sjølv vonbroten når han ikkje gjer det gode som han vil gjera. No gjer han ikkje så mykje av det vonde som han ikkje vil gjera heller, så han hadde vel fått ståkarakter av eksamenssensoren Paulus, vil eg tru.
I den tida har han ein balstyrig kamerat, Kai, som ofte hamnar i slagsmål og ikkje høyrer heilt til i samfunnet. Etter som dei to veks til og utviklar seg i kvar si lei, vert denne Kai til ein person som forteljaren er ambivalent til. Når Kai dukkar opp, er det på veg til eller frå brotsverk, han rusar seg mykje, og han er ein person som ikkje tek imot hjelp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.