Bok

Om klimakrise og poesi

Dei beste og mest interessante tekstane i samlinga er dei litterære.

Anne Karin Fonneland minner om at Olav H. Hauge tidleg såg at menneska ikkje berre gjekk i harmoni med naturen, men skapte kritisk ubalanse over tid.
Anne Karin Fonneland minner om at Olav H. Hauge tidleg såg at menneska ikkje berre gjekk i harmoni med naturen, men skapte kritisk ubalanse over tid.
Publisert

Anne Karin Fonneland har kome med essaysamlinga Olav H Hauge og trea. Om å sjå naturen – og klimakrisa no! Tidlegare har Fonneland gitt ut fem diktsamlingar, ein roman og bøker for barn. I essaysamlinga skriv ho om emne som opptek henne, nemleg naturen, klimakrisa og Olav H. Hauge. Med boka skriv ho seg inn i ein nynorsk essaytradisjon av forfattarar som Garborg, Økland, Fløgstad og Fosse.

Essayet som hybrid

Eit essay kan definerast som ein kort tekst på prosa, der det subjektive preget er meir vesentleg enn den saklege handsaminga av emnet. Essayisten er søkjande og nysgjerrig og kjem gjerne fram med nye spørsmål.

Somme vil hevda at essayet ligg mellom fiksjon og sakprosa. Ein snakkar gjerne om formelle og uformelle eller personlege essay. Det formelle essayet diskuterer ei sak, eit emne, medan det uformelle essayet er meir personleg og fabulerande. I denne essaysamlinga klarer Fonneland å kombinera dei to typane. Ein del essay omhandlar konstateringar av klimakrisa både lokalt og internasjonalt, medan i andre tekstar reflekterer forfattaren omkring naturen, litteraturen og det menneskelege. Framstillinga hennar syner litterære kvalitetar i språket ved bruk av litterære verkemiddel som intertekstualitet. Fonneland går i dialog med og brukar dikt og dagboksnotat av Hauge (og eigne tidlegare tekstar) i diskursen som støtte for sitt eige syn.

Boka til Fonneland inneheld 16 korte essay. Eller utgjer heile tekstkorpuset eitt essay? Teksten, eller tekstane, kan nemleg lesast som eitt essay strukturert som eit tre med stamme og greiner. I grunnstamma får essayet rot i fortida gjennom mytar frå antikken, norrøn tid og Bibelen. Teksten vandrar frå grein til grein og handlar om fruktdyrking, jordbruk, skogbruk til kunnskap om bruk av trea.

Tekstane har ein tematisk samanheng ved at poesien, omgjevnaden og landskapet er med heile tida. Essayet har òg ein sirkelkomposisjon ved at den første og siste teksten er knytte saman. Heile teksten kan òg lesast, som Fonneland sjølv skriv, som «ei forteljing om å høyra til i ein kultur og i ei natur». Lese slik vert teksten ei forteljing om hennar eige forhold til naturen, klimakrisa, tre og Olav H. Hauge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement