Om det språklause
Diktaren rettar søkjelyset mot det rike og verdfulle indre livet til barnet.
Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
(A) 0jGy04pj Foto: Leikny Havik Skjærseth Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Dikt
Erlend Skjetne:
Alt som skranglar
Flamme Forlag
Litteratur er språk. Poesien nyttar språkressursane fullt ut. Men kva skjer om ein ikkje har noko språk, om ein blir fødd utan evna til språkleg kommunikasjon? Nettopp det er det Erlend Skjetne utforskar i Alt som skranglar, gjennom eit barn som manglar språk, og ein far som freistar å skjøna kva dette djupast sett er.
No står poesien i ein privilegert posisjon til å gje det språklause språk, for som Johan Sebastian Welhaven seier i «Digtets Aand»: «Hvad ei med Ord kan nævnes/ i det rigeste Sprog,/ det Uudsigelige,/ skal Digtet røbe dog.»
For kommunisera kan dei språklause gjera på fleire vis, og ikkje berre gjennom teiknspråk: «Men skarpsynet har du. Eit skjelande blikk/ som stundom fikserer ein liten smil.»
Stille
Treng ein alltid eit artikulert språk for å seia noko viktig? Nokre gonger kan det vera nok med ein liten smil, som Skjetne så framifrå får fram her. Og kanskje er det diktinga som kongenialt viser oss alle desse førspråklege stadene: «Du er ei historie du ikkje sjølv kan fortelje.» Men paradoksalt nok blir det språklause skrive inn i meiningstunge liner, som gjev det stumme barnet si eiga historie: «Du kan dei fleste språk, og nattspråket snakkar du flytande.»
For i stilla finst det kan henda noko som vår støyande verd ikkje ser: «Stilla di er smittsam, magisk. Jamvel dei verste skravlebøttene/ slit med å finne ord, om vi møter dei tilfeldig på bussen eller butikken.» I desse fortetta linene syner diktaren at jamvel språket kjem til kort nokre gonger. Noko av det finaste med samlinga er at ho unngår å redusera barnet til eit sjukdomskasus, men heile tida framhevar det menneskelege perspektivet. Det er det rike og verdfulle indre livet til barnet som diktaren fokuserer på, noko som er det mest sympatiske med Skjetnes diktsamling.
Kjenslevart
Nettopp stilla og det kjenslevare opplever lesaren overalt i samlinga, meisla ut i språkleg formsikre liner. Nokon poetisk innovatør er kanskje ikkje Skjetne, men det er ikkje noko negativt i hans diktarverd. Bileta er i seg sjølv sterke nok til å lyfta dikta opp over det reint kvardagslege, og språket skin med sitt eige ljos, slik som i desse linene, som kan lesast som ei poetisk truvedkjenning, og som eit motto for boka: «Ein stad i arkivet/ den vesle skrivefeilen/ som fullstendig endrar/ historia.» For kvifor hengja seg opp i den såkalla «mangelen», når ein i staden kan vektleggja kor mangfaldig mennesket eigenleg er.
Kjetil Berthelsen
Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.
Sidan Erlend Skjetne er fast skribent i Dag og Tid, vert boka hans meld av ein ekstern meldar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nokre gonger kan det vera nok med ein liten smil, som Skjetne så framifrå får fram her.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.