JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Om å vera god nok

Tina Åmodt skriv innsiktsfullt og ærleg om store etiske problem i det vesle livet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tina Åmodt debuterte som forfattar i 2010. I 2015 fekk ho Stig Sæterbakkens minnepris.

Foto: Fartein Rudjord

3677
20231103
3677
20231103

Roman

Tina Åmodt:

Den andre moren

Forlaget Oktober

Få vert vel skremde av skrøner om dodraugen, men sanninga om donoren er det stundom verre med. Noko slikt er i tankane til Silje Marie i den nye romanen til Tina Åmodt. Silje er gift med Helene, og dei har båe fått ein son, først fekk Silje Olav, deretter var det Helene som fekk Henry, men med ulike og anonyme sæddonorar.

Silje har nok tenkt over somme problematiske sider ved det etiske i sjølve handlinga, men dette vert forsterka då ho ein dag møter Mayliss, som har ein son, Nicolai, som er prikk lik Henry. Silje får seg ikkje til å fortelja om dette til Helene, først og fremst av di ho for ei tid sidan hadde eit sidesprang med ei ung kvinne som for det meste vert kalla Fitnes-Guri. Den hendinga har gjort noko med klimaet i heimen, relasjonen mellom Silje og Helene har gått inn i ei istid.

Er det rett?

Perspektivet er hjå Silje, som fortel om sin tvil om eigne evner som mor. Ho kan ikkje med handa på hjartet slå fast at ho er like glad i Henry som i Olav. Og kjenslene for Helene er knapt til stades i det heile. No har Helene teke ungane med seg på ferie frå Oslo til Trøndelag, der ho kjem frå, medan Silje er attende i huset deira og gjer klart til oppussing.

I det førebuande arbeidet får ho tid til å tenkja. Har dei gjort det rette? Korleis vert det for gutane å veksa opp utan far? Ein stad i verda finst det jo også no truleg farmødrer og farfedrar som ikkje veit at dei har barneborn. Og, just slik ei aktuell sak her til lands syner, finst det også truleg halvsysken rundt ikring.

Silje ser at alt dette kan vera problematisk, men ho diskuterer saka mest med seg sjølv. Skal ein finna ut om ei handling er rett eller feil, moralsk sett, lyt ein leita etter meir enn slike argument som talar for saka, og Silje finn helst dei som talar imot handlingane. Det er ei vitskapleg innstilling som er intellektuelt rosverdig, men sosialt og personleg nedbrytande. Kvart einaste nye menneske i verda er eit sosiologisk eksperiment.

Etiske stridsspørsmål

Dette er altså ein roman som drøftar etiske stridsspørsmål, og det vert gjort med alvor og kløkt. Silje er ikkje i skyttargrava, ho ser alle dei moglege vanskane tydeleg, ho prøver å orientera seg om forsking på relevante område. Ho hyrer til og med ein personleg trenar for å verta sterk nok til å løfta gutane høgt opp i lufta, slik ho meiner at menn gjer meir av enn kvinner.

Ho ser sin eigen skort på mange måtar, men gjer det ho kan for å kompensera. Likevel vert det aldri godt nok. Ho er rett og slett ikkje politisk korrekt på innsida. Yta er derimot slik ein kan venta seg av ei kvinne i hennar situasjon.

I denne kontrasten mellom det indre og det ytre har ho, etter det eg kan sjå, utvikla ein depresjon, forsterka av opplevinga av kroppsleg forfall, både hjå seg sjølv og hos Helene. Det ser ut til at Silje har ein aversjon mot kroppsfeitt, og ho har ikkje altfor mykje godt å seia om den litt tjukke Mayliss, som ho også ser ned på som eit mindre opplyst menneske.

Ein stad nemner ho, som noko positivt, at ingen just då ser valkane hennar, men ho kan nok sjølv utvikla seg til ein konstabel i valkepolitiet. Ho er, med andre ord, ikkje berre sympatisk, ho er eit heilt og levande menneske, med ei narsissistisk mor på Sotra og i det heile ein litt grå eksistens, skildra med stor språkleg presisjon og psykologisk innsikt av Tina Åmodt.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Silje er ikkje berre sympatisk, ho er eit heilt og levande menneske, skildra med stor språkleg
presisjon og psykologisk innsikt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis