Bok

Også menn har kjensler

Maren Uthaugs burleske framtidsvisjon både underheld og kveiker tanken.

Maren Uthaug er halvt samisk og flytta til Danmark som åtteåring. Etter debutromanen i 2013 har ho fått fleire prisar.
Maren Uthaug er halvt samisk og flytta til Danmark som åtteåring. Etter debutromanen i 2013 har ho fått fleire prisar.
Publisert

Menn er altfor farlege til å gå fritt omkring. Den tida dei gjorde det, var dei nær ved å øydelegge verda. Dei drap, valdtok, starta krigar, øydela naturen. Det er det fryktelege testosteronet som gjer mennene så farlege. Først då kvinnene overtok makta gjennom «evolusjonen», kom verda på rett kjøl. Ved å halde mennene (eller «hannane», som dei heiter her, for dei er jo ikkje eigentlege menneske) innesperra i eigne fangeleirar eller «senter» for reproduksjon, er verda trygg.

11 prosent er den delen menn som trengst for å oppretthalde menneskeætta utan innavl. Når ei kvinne blir gravid, er det soleklart at ho vonar å føde eit barn, og ikkje ein hann!

Velkommen til Uthaugs matriarkat, eit godt stykke inn i ei tenkt framtid.

Mensblod og gotikk

Romanen har fire forteljarar, fire kvinner som får livet sitt innvove i kvarandre. Ho som fører oss inn i dette merkverdige universet, og som er den lesaren blir best kjend med, er heksa Medea. Heksene har ikkje, som ein kanskje skulle tru i eit matriarkat, nokon høg status. Dei lever i fattigdom og litt på sida av samfunnet. Dei er nokså aleine om standpunktet om at også «hannar» er menneske, at dei har kjensler. Hos dei rike, kristne prestane – som altså også berre er kvinner; dei dyrkar «Modera» – møter heksene forakt. Heksene har likevel ei attraktiv vare som prestane kjøpar frå dei: slangar som blir brukte i gudstenesta.

Medea er jo kjend som barnemordar frå tragedien til Euripides. Men om ein går til eldre mytar om henne, finn vi slangemotivet. Slangar vart haldne som husdyr i landområdet Medea kjem frå, og hadde ikkje den vondskapen knytt til seg som dei seinare fekk i den kristne tradisjonen. Medea i 11 % er fredsæl, ho deggar for rottesnokane sine som ho alar opp til sal, og aller kjærast er ein diger pytonslange. Ho livnærer seg også med kaker av menstruasjonsblod som ei «mannekvinne» kjøper for å gjere seg attraktiv. Dei er prostituerte kvinner med påsydde penisar som tilbyr sine tenester til dei som treng eit mannleg lem for å bli tilfredsstilte seksuelt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement