JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ny norsk omsetjing av Rilke

Duino-elegiar er ei av dei viktigaste diktsamlingane frå det førre hundreåret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rainer Maria Rilke (1875–1926).

Rainer Maria Rilke (1875–1926).

Foto: Ukjend

Rainer Maria Rilke (1875–1926).

Rainer Maria Rilke (1875–1926).

Foto: Ukjend

2674
20220617
2674
20220617

Dikt

Rainer Maria Rilke:

Duino-elegiar

Attdikta av Jon Fosse
Samlaget

Den produktive Jon Fosse er på marknaden med ei ny bok. Denne gongen er det ei attdikting av Rainer Maria Rilkes Duino-elegiar – Duineser Elegien på tysk. Fosse er mest kjend som dramatikar og romanforfattar, men er òg omsetjar, særleg frå tyskspråkleg litteratur.

Jamvel om austerrikaren Rilke (1875–1926) er rekna for å vera ein vanskeleg lyrikar, finst det fleire gode norske omsetjingar, både til bokmål og nynorsk. Ellinor Lervik har omsett Sonettene til Orfevs (1993), og Åsmund Bjørnstad har òg omsett elegiane, i ei fin tospråkleg utgåve: Duino-elegiane (2002). Det er flisespikking å laga noko nummer av skilnaden mellom Bjørnstads og Fosses tittel. Diktverket skriv seg frå Rilkes opphald på slottet Duino ved Adriaterhavet, der han i eit lynglimt i 1912 fekk inspirasjon til elegiane, som fyrst kom ut i 1923. Boka er ei av dei viktigaste diktsamlingane frå førre hundreåret, og Fosse har etter eiga utsegn lenge vore oppteken av Rilke.

Ordet

Filosofen Egil. A. Wyller hevda at Rilke er ein moderne «orfikar», i kjølvatnet av songaren Orfevs, som vi kjenner frå antikk mytologi, og orfismen dreier seg stutt sagt om å sjå livet som innviing, i dødens og livets mysterium. Og det er ordet som står i sentrum hjå orfikaren, ordet som klang og musikk.

Samlinga består av ti store elegiar. Det fyrste ein ser i Fosses versjon, om ein samanliknar med originalen, er ei friare periodebygging. Hjå Fosse er Rilkes tekstbolkar nokre stader splitta opp i mindre avsnitt, noko som gjer lesinga lettare, men som ikkje er heilt korrekt. Såleis opnar samlinga:

Kven, om eg skreik, høyrde meg då i englars/ ordenar? og sett at ein tok meg/ brått til sitt hjarta: eg ville forgå/ av hans sterkare nærvær.

Nær originalen

Reint leksikalsk er Fosse nær originalen, truleg meir enn Bjørnstad. Men Fosse er òg nøydd til å endra ordstilling og syntaks for å få dikta til å syngja på norsk. Englane i fyrste vers kjem att som eit mantra i diktet og er eit bilete på guddommeleg perfeksjon.

Men også mennesket var ein gong av høg byrd: «Vi var ein gong,/ seier den, ei stor slekt av klagar». Og det er nettopp klagesongen som skal forløysa mennesket frå sitt timelege tilvære: «Einsam stig han inn i ur-sorgs berg./ Og ikkje eingong stega hans kling frå den tonelause lagnaden».

Og det er berre naturleg at ein forfattar som har prega uttrykket «negativ mystikk», no har omsett dei gåtefulle elegiane til Rilke.

Kjetil Berthelsen

Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Reint leksikalsk er Fosse nær originalen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis